nyhende
Sikra 4. plassen med storsiger
Sveio IL avslutta ein imponerande haust med eit nytt målkalas mot Vard-3 i Haugesund sundag. Det sikra laget ein fin 4. plass i årets 6. divisjon.
Ingen spådde Sveio spesielt høgt på tabellen etter 12-0 tap i serieopninga, og elles ein vanskeleg vårsesong med mange stang-ut resultat.
VARD-3 – SVEIO IL 2-7:Sju sigrar på dei siste åtte
Men med sju sigrar på dei åtte siste kampane i haust, og nok eit målkalas i siste serierunde sundag, plasserte raudtrøyane seg på ein godkjent 4. plass i årets 6. divisjon.
Sundag var det tabelljumbo Vard-3 som fekk unngjelde. Dei tok rett nok leiinga etter 10 minutter, men etter at Erik Sydnes utlikna etter ein dryg halvtime handla alt om Sveio IL.
Avslutta med hat-trick
Erik Sydnes avslutta sesong på best mogelege vis, med sitt hat-trick. Daniel Rommeteveit netta to gonger. Men det er lillebror Martin Sydnes som tronar på toppen av toppskårarlista i Sveio IL med sine 13 mål denne sesongen.
Det er faktisk bare Trott-spelaren Mathias Meløy Nilsen som har fleire mål enn han i årets lokale 6. divisjon, han har sendt ballen i nettmaskane 16 gonger.
Tabellen: