nyhende

Mikal Fransson skåra Sveio sitt første mål mot Trott måndag kveld.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Mikal Fransson skåra Sveio sitt første mål mot Trott måndag kveld.

Sigra i sjumålsthriller

I ein periode på seks minutt vart det scora tre mål på Sveio gras måndag kveld. Og heimelaget gjekk sigrande ut av den dramatiske kampen.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta.

Fotball, 6. div. menn

Sveio – Trott 2, 4-3 (1-1)

Mål: 1-0 Mikal Fransson (27 min) 1-1 Mathias Meløy Nilsen (36 min.) 2-1 Erik Sydnes (53 min.) 3-1 Daniel Rommetveit (56 min.), 3-2 Teodor Bruborg Falk (59 min), 3-3 Jonas Aadland Vad (77 min.) 4-3 Adam Musaev (87 min.)

Gule kort: Petter Vikse, Adam Musaev, begge Sveio, og Ümit Can Yirmi og Heine Nysæther Storevik, Trott.

Dommar: Bent Are Ingebrigtsen, Djerv 1919

Sjeldan kjedeleg og nesten alltid målrikt. Det er fasiten etter nok ein thriller på grasbanen i Sveio. Måndag var det Trott-2 som var på besøk, og som i første oppgjer mellom laga i mai (3-3) var det målrikt også denne gongen.

Nær reprise

Men heimelaget var nær ved å gå i same fella som dei gjorde mot Trott i vår. I bortekampen i mai leia Sveio 3-0, men slapp inn tre mål før kampen var over. Også denne gongen såg det skummelt ut, etter at Sveio hadde leia kampen 3-1. For Trott-spelar Jonas Aadland Vad gjorde akkurat som i mai-kampen, utlikna til dryge kvarteret før slutt. Einaste skilnaden var at denne gongen gjorde han det i 77. speleminuttet, og ikkje i det 78. speleminuttet (!) som han gjorde sist gong.

Musaev blei helten

Men heimelagets Adam Musaev ville ikkje ha noko av eit reprise-resultat. Han sette ballen i mål tre minuttar før slutt, og då dommar Bent Are Ingebrigtsen blåste av kunne dei heilraude og publikum sleppe jubelen laus.

Med sigeren klatra Sveio opp på 5. plass i avdelinga kor Kopervik 2 ser ut til å vere uslåelege i kampen om opprykk til 5. divisjon. Sveio speler borte mot tabellnabo Sauda (4. plass) måndag. Sveio må vinne den kampen med minst tre mål for å gå forbi Sauda på tabellen.

Siste kampar:

Sveio – Trott 2, 4-3

Stegaberg-2 Vard-3, 3-2

Djerv 1919-3 – Ølen 2-2

Trott-2 – Falkeid 3-4

Sveio – Torvastad-2, 2-3

Tabellen, 6. div. avd. 4:

Powered by Labrador CMS