nyhende
Signe Førre speler på Ryvarden sundag: — Dette har vore draumen min sidan eg var barn
Sundag kveld kan du sjå artisten Signe Førre (28) frå Voss saman med Vamp-artisten Torbjørn Økland på Ryvarden. — Eg gleder meg skikkeleg til å ha konsert i Sveio, som er hjarteplassen min! seier Signe.
Signe, som er fødd på Voss, døypt i Haugesund og delvis oppvaksen i Sveio, fortel at ho har drøymt om å stå på Ryvarden og syngja saman med Torbjørn Økland sidan ho var ti.
Sundag kveld går denne draumen endeleg i oppfylling:
— Dette er fyrste gong eg optprer i Sveio, og det er eitt av reisemåla på noregsturnéen min. Eg har allereie spelt i Oslo, Bergen, Stavanger og på fleire stader, men eg har gledd meg aller mest til å spela i Sveio, som alltid har vore hjarteplassen min,- saman med helten min Torbjørn Økland! seier ei spent og energisk Signe til Vestavind.
Sidan ho var liten har ho marknadsført Sveio som Noregs vakraste perle, og ho kallar seg sjølv for ein Sveio-patriot.
Marknadsføringa har lukkast: På sundag kjem nemleg kjenningar av henne frå fleire stader i landet for å høyra henne spela og syngja på Ryvarden.
Ei kulturell og musikalsk reise
Signe speler kontrabass og komponerer eigne låtar. Ho har bakgrunn som jazzmusikar, men konserten på sundag er av eit blanda og variert kaliber.
— Musikken me skal spela, er henta frå ulike kulturar og tidsepokar. Det er snakk om ei reise gjennom kulturarv og musikalske tradisjonar. Eg skal syngja på fleire språk; både norsk, engelsk, serbisk, tyrkisk, makedonsk og bulgarsk. Nokre songar har eg rekomponert ved hjelp av mine eigne tolkingar, forklarer Signe.
Ho kan dermed fortelja at publikumarane som tek turen til Ryvarden sundag kveld, vil få ein smakebit på ei blanding av folkemusikk, jazz, pop, rock og mykje meir.
Torbjørn Økland skal assistera henne med gitaren sin, og ho har også med seg Jo Asgeir Lie på trekkspel og Kåre Opheim på trommer.