nyhende
Signalbål lyser opp i Sveio – for skulane i Auklandshamn og Valestrand
Søndag kveld brann det på fleire toppar i Sveio, som ei del av markeringa for å behalda grendaskulane.
I dagevis har bygdefolk drege på ved, staur, pallar, vatn og anna brensel til fjelltoppar og holmar i Sveio. Klokka 21 blei det tend på – i alle fall ti stader i Sveio.
– Vardebrenninga er for å demonstrera mot kommuneadministrasjonen og posisjonen sitt forslag om skulesamanslåing. Det er laga vardar på Trodlavassnipen, Målefjell, Longhammaren, Geitahaugen, Hopsfjellet, Dreng, Emberlandsnipen, Hovdafjellet, Hjartholmen og Nappholmane, sa Anne Lise Økland i Valestrand bygdalag laurdag kveld.
Før i tida var vardebrenning eit varslingssystem – i denne samanhengen eit symbolsk varsel om «fare» for at skulane kan bli nedlagde.
– Eg håpar verkeleg dei ser kva drivkraft som er i bygda, og satsar på oss, seier ei optimistisk Anne Lise Økland i bygdalaget nord i Sveio.
Brannvesenet er varsla om brenninga, og det er brannvaktar med kvart bål. Vardane vil vera sløkte innan 22.30 i kveld.