nyhende
Sifo: Matutgiftene steig meir enn dobbelt så mykje som prisveksten på tre år
Matutgiftene til ein familie med to barn auka med 33 prosent dei siste tre åra, ifølgje Sifo. Det er godt over dobbelt så mykje som prisveksten på andre varer.
– Då vi jobba med dette talgrunnlaget, fann vi at matbudsjettet til dømefamilien vår auka med heile 33 prosent frå juli i 2021 til same månad i år. Familien må no bruke godt over 44.000 kroner meir på mat og drikke enn for tre år sidan – utan at han har gjort endringar i forbruket, seier seniorrådgivar og siviløkonom Ann-Kristin Ansteensen i Forbruksforskningsinstituttet Sifo til NTB.
Berekningar ho har gjort for NTB, viser ikkje berre at prisveksten på mat og drikke har vore svært høg dei siste tre åra – han har vore mykje høgare enn prisveksten på andre varer og tenester i same periode.
Berekningane tek utgangspunkt i Sifos referansebudsjett og ser på korleis prisutviklinga har vore på utvalde daglegvarer når ein legg til grunn eit «akseptabelt forbruksnivå». Den månadlege handlekorga til dømefamilien – to vaksne, ein fem år gammal gut og ein elleve år gammal jente – har vorte nesten 3700 kroner dyrare.
Dobbelt så dyrt
Matvareutvalet VGs matbørs plukka på Rema 1000 – som er billigast på begge målingane – har på si side vorte 22 prosent dyrare frå september 2021 til oktober i år. Enkeltvarer har stige vesentleg meir:
- Stabburet Stabbur-makrell 170 gram: 103 prosent, frå 13,50 kroner (august 2021) til 27,5 kroner (oktober 2024)
- Bremykt original 500 gram: 40 prosent, frå 34,90 kroner (mars 2021) til 48,90 kroner (oktober 2024)
- Gulost, billigaste alternativ, pr. kilo: 28 prosent, frå 78 kroner (juli 2021) til 99,90 kroner (oktober 2024)
- Gilde kokt skinke 110 gram: 30 prosent, frå 23 kroner (august 2021) til 29,90 kroner (oktober 2024)
- Agurk: 42 prosent, frå 17,50 (august 2021) til 24,90 (oktober 2024)
- Maarud potetgull paprika 250 gram: 30 prosent, frå 26,80 kroner (februar 2021) til 34,90 kroner (oktober 2024)
Alle døma er henta frå VGs matbørs i tidsrommet som nærast matchar tidsrommet til Sifo. Det har ikkje vore mogleg å finne VG-tal for nøyaktig den same perioden som Sifo tek for seg.
– Ikkje lett å forstå
Du har dermed heilt rett viss du stadig vekk stussar over at ting har vorte dyrare. Og mat og drikke stiller i ein særklasse. Prisveksten på andre varer – altså når mat og alkoholfrie drikkevarer er trekte ut – var på 14,1 prosent i treårsperioden, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Det er ikkje så lett å forstå kvifor prisane i denne kategorien gjennomgåande har auka så mykje som dei har gjort, medgir Ansteensen.
Ei breiare undersøking av det totale forbruket til dømefamilien viser at veksten i utgiftene til mat og drikke var mykje høgare enn i andre kategoriar, som «klede og sko», «personleg pleie» og «leik og mediebruk». Samla har referansebudsjettet til Sifos dømefamilie auka med rundt 12 prosent i perioden.
Parallelt med at prisveksten drog av garde i eit tilsynelatande ukontrollerbart tempo – i kjølvatnet av pandemien og mellom anna som følgje av Russlands invasjon av Ukraina – starta eit rentekøyr som saknar sidestykke i moderne historie. Resultatet var at folks kjøpekraft vart sterkt skadelidande, og privatøkonomien til mange nordmenn vart sett under kraftig press.
SSB: 26 prosents prisvekst
No viser det seg at for varer i kategorien «mat og alkoholfri drikke» på konsumprisindeks var prisveksten på 26 prosent i treårsperioden mellom juli 2021 og juli 2024, ifølgje berekningar Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjort for NTB.
– Grunnen til at prisstiginga på varekorga for mat og drikke i referansebudsjettet er litt høgare hos oss enn hos SSB, er først og fremst fordi vi har ein litt anna samansetning av varer. Vi har daglegvarer som tek utgangspunkt i ein månadsmeny som skal følgje kostråda til styresmaktene, poengterer Ansteensen.
– Og så blir mengda berekna mat til ulike kjønn og aldersgrupper sånn at den summen ein får ut for ein person i referansebudsjettet, reflekterer både energibehovet og kosthaldsråda, seier ho.
Medan løpande utgifter til bustad, transport og oppvarming saman utgjer den største belastninga på budsjetta i hushalda, er mat og alkoholfri drikke den tredje største utgiftsposten, ifølgje forbruksundersøkingar til Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 2022.
Dyrare råvarer
Den høge veksten i kategorien mat og alkoholfri drikke heng i stor grad saman med at prisane på vesentlege innsatsfaktorar også steig kraftig i treårsperioden, ifølgje seksjonsleiar Espen Kristiansen for prisstatistikk hos SSB. Det er mogleg på trekkje parallellar mellom prisveksten på mat her heime med prisvesten ute i Europa – og årsakene er mellom anna at frakt, energi, gjødsel og råvarer vart mykje dyrare.
På toppen av det heile har ein stadig svakare kronekurs bidrege til prisveksten, sidan mange av råvarene vi bruker, er importerte.
– Det er fleire samanfallande faktorar som gjorde at matprisane auka kraftig i store delar av verda. Det som er interessant, er at matprisane starta å stige ganske mykje tidlegare i resten av Europa enn i Noreg. Men biletet vi ser her heime, er i aller høgaste grad å finne igjen i andre land, seier Kristiansen til NTB.
Han har ikkje indikasjonar på at matvarekjedene har nytta høvet til å hente uforholdsmessig stor forteneste i ein periode då alle var førebudde på og innforstått med at prisane var i kraftig vekst.