nyhende

Ein sveibu melder om forsvunne fiskeutstyr ved Litlestraumen. ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN
Ein sveibu melder om forsvunne fiskeutstyr ved Litlestraumen. ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN

Sette ut teine og blåser måndag. Tysdag var utstyret borte.

Ein innbyggjar i Sveio sette ut ei teine og to raude blåser måndag, men tysdag var teina forsvunnen.

Publisert Sist oppdatert

— Trist, og ikkje minst irriterande, seier innbyggjaren, som ikkje ynskjer å stå fram med namn i avisa.

Vedkomande melder at både teina og blåsene var merkte med namn og telefonnummer, og at teina var kjøpt inn etter ei liknande hending i fjor.

Forsvinninga av utstyret skjedde ved sundet Litlestraumen på Fagerland-sida, det vil seia ved inngangen til det som på folkemunnet vert kalla «Kuskithavet».

Meldaren mistenkjer at utstyret er stole, i og med at det er tydeleg merkt. Vedkomande tvilar difor på at forveksling av utstyr er tilfellet.

— Det kan òg vera at nokon berre har tømt teina og deretter sett henne ut på feil stad. Dersom nokon brått skulle koma over henne, er det fint om dei melder ifrå.

Powered by Labrador CMS