nyhende
Sveio folkebibliotek følgjer landsomfattande trend:
Sette nye rekordar for besøk og utlån
Folkebiblioteka sette historiske rekordar i 2024. Sveio folkebibliotek er ikkje noko unntak, fortel biblioteksjef Kristine Thorkildsen.
Frå 2022 til 2024 auka talet på besøkande ved Sveio folkebibliotek frå 13.573 til 20.002. Altså ein auke på 6.429 besøkande. Talet på besøkande i opningstida gjekk opp frå 10.773 til 15.825. Ved meirope bibliotek gjekk besøkstalet opp frå 2.800 til 4.177, viser statistikken som Thorkildsen legg fram.
Auka utlån
Også talet på utlån aukar jamt og trutt. I 2022 var talet 17.086 bøker. I 2023 auka dette til 17.340 og i 2024 til 21.190. Det gir ein auke i perioden på 4.104 fleire utlån. Og tendensen har halde fram i 2025, kan Thorkildsen fortelja.
– Me har hatt 732 fleire utlån enn me hadde på same tid i fjor. Frå 1. januar til 6. juni 2025 har me lånt ut 11.193 bøker. Så utlånet aukar framleis, skriv Thorkildsen i ein e-post til Vestavind.
Besøkstala for vårhalvåret har ho ikkje oversikt over av tekniske årsaker, fortel biblioteksjefen.
Ho kan elles fortelja at 42,5 prosent av elevane i 1. til 7. trinn ved skulane i Sveio er med på Sommarles i år. Det er ein auke på to prosent frå i fjor på same tid.
– Sentrale møteplassar
I Sveio som elles i landet kjem folk til bibloteket både for å lesa og låna bøker og for å delta på ulike kulturarrangement.
– Biblioteka står sterkare enn nokon gong før som møteplassar for kunnskap, kultur og fellesskap, heiter det i ei pressemelding frå Nasjonalbiblioteket.
I pressemeldinga seier Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket, dette om utviklinga:
– Tala i bibliotkstatistikken viser at det systematiske arbeidet i biblioteka med formidling og lesing har gitt resultat. Biblioteka står no svært godt rusta til å vidareutvikla arbeidet med å styrka leselysta.
Statistikken viser mellom anna at folkebiblioteka lånte ut 13,4 millionar bøker i 2024. Det er ein auke på 6,7 prosent frå året før. 7,8 millionar av dei utlånte bøkene var barne- og ungdomslitteratur. Det er det høgaste talet i denne kategorien sidan 2008. Det blei registrert 26,8 millionar besøkande på landsbasis i fjor, det høgaste talet som er registrert nokon gong. 1.87 millionar besøkande deltok på arrangement i folkebiblioteka i fjor. Det er også ny rekord.
Alle aldersgrupper
Leselysta aukar i alle aldersgrupper, viser statistikken. Tinnesand legg særleg vekt på at barn og unge står for størstedelen av bokutlåna. Det gjeld både fag- og skjønnlitteratur.
– Den langvarige trenden med nedgang i bokutlånet for denne gruppa ser dermed ut til å ha stoppa, seier Tinnesand.
Han meiner dette er resultat av at Noreg sidan 2015 har hatt ein nasjonal bibliotekstrategi der biblioteka har jobba målretta for å nå fleire med arrangement og aktivitetar.