nyhende

Sette ny fartsrekord i siste møte

Siste kveld med gjengen blei ingen langvarig avskil. Snarare tvert imot. Siste møte for kommunestyret 2019-2023 gjekk unna på ein time. Og varaordføraren varsla at ho er villig til å lenka seg.

Publisert Sist oppdatert

17 saker sto på sakslista, men rett skal vera rett: det var ein del referat- og orienteringssaker. Likevel dei som har vore i kommunestyremøter veit at det ikkje er nokon garanti for at det ikkje blir diskusjon. Me tar det nesten minutt for minutt.

Arne Valen (Sp) var først på talarstolen under referat og meldingar. Han nytta høvet til å takka både ordførar og kommunestyre for godt samarbeid i fire år, og hadde samstundes ei sterk oppmoding om at noko måtte gjerast for å få betre lyd i kommunestyresalen.

Mikal Møller Hovda (H) ville høyra meir om den planlagte kulverten på Ekrene. Han meinte det var lite konkret framgong og spurte om formannskapet ikkje ville at kulverten skulle komma.

Etter ein liten oppklaringsrunde med Erve, som mellom anna sa ein ønskjer å sjå på om midlane kan samkøyrast med Haugalandspakken, konkluderte Jarle Jacobsen (KrF) med følgjande:

– Kulverten har ikkje utspring i verken i formannskapet eller kommunestyret. Den har kome inn frå sidelinja. Det er lurt å ta ein liten fot i bakken og sjå på om me kan få meir ut av saka.

Mykje i framgang, utfordringar med IKT

Rådmann Jostein Førre orienterte mellom anna om framdrifta for ny brannstasjon. Den gamle skal rivast i løpet av november. Gravplassen på Eikeland er ferdig utsprengt, og skal etter planen står ferdig i løpet av januar 2024. Om det ikkje kjem frost. Vigdartun har fått montert radonbrønn, og det kjem kanskje fleire. Solcellene på omsorgsenteret blir ferdig i løpet av oktober. ENØK-tiltak i Sveio kyrkje er godkjent av både riksantikvar og biskop, og arbeidet blir starta i oktober. Og i høve til Ryvarden er det sett i verk eit prosjekt for å sjå på korleis ein kan få til meir overnatting.

Han avslutta med at kommunen har hatt IKT-utfordringar etter at leiaren slutta. No er det inngått avtale med IKT Nordhordland om vidare drift. Og han roa dei som var urolege for at det ville bli vanskeleg å få hjelp, med at dei to tilsette som er gått over til IKT Nordhordland, framleis har arbeidsstad i Sveio.

Så gjekk det unna

Deretter gjekk det unna med dei neste sakene stor sett utan merknadar og med samrøystes vedtak.

Forskrift om rett til langstidsopphald på sjukeheim i Sveio kommune skal sendast ut på høyring. Og sambuargarantien som er vedtatt på Stortinget skal innarbeidast.

Kommunestyret godkjende den reviderte selskapsavtalen for Haugland brann og redning IKS med verknad frå 25. september 2023.

Sveio kommune skal legga om lag 500 meter med ny kommunal vannledning langs Bjørgavegen til avkøyringa Bjørgavegen – Nordre Buvika 2.

Havvindstrategien for Haugalandet tatt til orientering.

Oppdatert reiselivsstrategi for Haugalandet 2019-2025 tatt til orientering.

Det blir ikkje oppretta ny ordning for forskotering av spelemidlar til nærmiljøanlegg.

Rapport Mulighettsstudie for «nyskapande aktivitetsanlegg» tatt til orientering.

Pilotprosjekt, refusjon og Fv. 41

Kommunestyret godkjende eit pilotprosjekt, der det skal kartleggast potensiale i å etablera turvegar, som også kan nyttast som trygg skuleveg inn mot skulane i Sveio kommune. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføra pilotprosjektet. Det blir sett av 300.000 kroner til gjennomføring av prosjektet.

Det blei vedtatt at Sveio kommune skal innføra ei ordning frå 1.1.2024, dersom ordninga blir innarbeidd i budsjett for 2024, der frivillige lag og organisasjonar kan søka om refusjon på byggesaksgebyr.

Så kom reguleringsplanen Fv. 541 Tjernagelvegen. Arbeidet med saka er blitt stadig meir komplisert, og konfliktnivået har stige. Møller Hovda uttrykte sterk uro for at ein skulle vedta seg inn i ein ny runde med planprosess og ny reguleringsplan. Her må kommunestyret passa seg for å gjera eit vedtak som kan føra kommunen ut på viddene, meinte han, og fekk støtte for sitt forslag om at senda saka tilbake til hovudutval teknisk/næring og vidare politisk arbeid.

Varsla ho vil lenka seg

Sal av næringstomter på Hanaleite fekk varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen til å erklæra at ho kjem til å lenka seg fast om Statens vegvesen legg firefelts E39 midt gjennom Førde-bygda.

– Det blir i så fall første gong eg gjer noko slikt, men eg kan ikkje tru noko anna enn at det blir tunnel, sa Eriksen.

Grunnen til at E39 blei avgjerande for vedtaket, er planar som bandlegg delar av området på Hanaleitet der to verksemder ønsker å kjøpa tomt. Rådmannen fortalde at det skal vera eit møte med Vegvesenet 3. oktober der ein håper på meir avklaringar. Punkt 1. og 2. som omhandla sal av tomter på Hanaleite vart vedtatt utsett. Men kommunestyret vedtok punkt 3. om at ei krevjande uplanert tomt på rundt 2,7 dekar lokalisert på Ekrene kan seljast for 107 kroner kvadratmeteren.

Deretter var det ingen merknader til rådmannen sin statusrapport om økonomien.

Nettbrett og kaiar

Støtte til folkevalde for kjøp av utstyr til for tilgang til møteportalen var ikkje blitt enklare i rådmannen sitt forslag, meinte Rune Teikari (Frp). Han la derfor fram eit forslag i to punkt: Ein kan velja å halda utstyret sjølv og får årleg økonmisk støtte på inntil 1.600 kroner. Då slepp ein å skatta for det. Eller ein kan få låna nettbrett av kommunen. Kommunestyret gjekk samrøystes inn for Teikari sitt forslag.

Siste sak på lista var tilbakeføring av disposisjons- og vedlikehaldsansvar for Førde kai og Eltrevåg kai. Der blei det samrøystes vedteke at Sveio kommune kan akseptera at disposisjons- og vedlikehaldsansvaret for Førde kai og Eltravåg kai blir tilbakeført til kommunen. Men stiller i denne samanheng krav om at Karmsund havn engasjerer eit eksternt firma for inspeksjon og vurdering av bærekonstruksjon og betongdekke for dei to kaiane, med sikte på tilbakeføring av kaien til normal bruksstand. Dei tiltak som vert beskrive i rapport frå inspeksjonen skal gjennomførast av Karmsund havn før tilbakelevering til Sveio kommune.

Tid for å takka

Avtroppande ordførar Erve avslutta det times lange møtet med å takka:

– Tusen takk for samarbeidet! Det har vore eit privilegium å vera ordførar i denne flotte kommunen.

Då representantane kom til møtet, sto det helsing og gåve på kvar plass. Men to fekk ekstra takk. Gustav Eidsvåg (Frp) har vore samanhengande i kommunestyret i 24 år. Han fekk blomar og takk for innsatsen frå Erve.

– Det har vore ein givande rundgang og har skjedd mykje på 24 år. Samtidig som det er saker som går igjen og igjen og igjen. Og folk har skifta meining. Eg fekk eit godt råd frå ein frå Rød i starten: det beste i politikken er å ha dårleg husk, sa Eidsvåg og hausta gjenkjennande latter.

Varordførar Eriksen takka avtroppande ordførar Erve på vegne av heile kommunestyret.

– Det har vore ein fornøyelse å samarbeida med deg. Du er raus, snill og god, og har følgt det kommunestyret har bedt deg om, det er ein styrke.

Og siste kveld med gjengen blei avslutta med kake, kaffi og drøs.

Måndag 2. oktober er det første møte i det nye kommunestyret. Då står konstituering og val på sakslista.

Powered by Labrador CMS