nyhende
Sette fyr på konteinar
Ein pappkonteinar vart sett fyr på fredag kveld.
Fredag kveld vart politiet varsla av ein innringar om noko som brann.
— Me fekk meldinga klokka 19.23. Då var det ein påsett brann i ein konteinar, seier Dan Magne Gaard, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Innringaren melde at det var i ein pappkonteinar ved Sveio idrettsanlegg, og tok faktisk saka i eigne hender.
— Varslar fekk sløkt brannen før den spreidde seg, seier Gaard.
Annonse
Politiet har vore på staden og teke bilete.
— Ei sak er no oppretta, seier Gaard.
— Har de nokon mistenkte?
— Nei, svarar Gaard.