nyhende
Set pris på alle dei frivillige
Dei jobbar på Joker Førde og har mykje fint å seie om frivilligheit i Sveio. Møt Solveig og Nancy!
Nancy: — Eg er medarbeidar her i butikken. Solveig: — Eg er dagleg leiar her.
Kva gjer du til dagleg?Kva er det beste med å vere sveibu?
Solveig: Å bu i denne kjekke bygda vår, og få gå på jobb her kvar dag.
(Det kjem ein kunde og Nancy går for å hjelpe han)
Er det noko du saknar i Sveio?
Solveig: — Meir fokus på at folk må bruke nærbutikken sin om dei ynskjer å behalde den, og det bekymrar meg litt å lese kva som skjer med eldreomsorga i bygda. Det må og vere bra for dei eldre, og trenger ein sjukeheimsplass så bør ein få det.
Nancy: — Ja, det er eg samd med.
Kva er ditt beste Sveio-minne?
Solveig: — Ein solfylt og varm sankthans på Førde strand, med 20 gradar og ein kunne bade.
Nancy: — Dei brukar å ha masse aktivitetar for barn også.
Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?
(Det kjem nok ein kunde og Nancy går for å hjelpe han)
Solveig: — Førde Bygdalag, dei står på og det er frivillig innsats. Det veit eg krevje mykje tid, og dei står for ein del aktivitet i bygda. Dei fiksar ting på stranda og eit hus her nede. Eigentleg alle som driv frivillig i Sveio, og står på for innbyggjarane.