nyhende

John Reidar Johansen på den aktuelle tomta på Ekrene.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
John Reidar Johansen på den aktuelle tomta på Ekrene.

Set ned prisen på nytt bustad-prosjekt

Eigedomsmarkedet går tregt i Sveio, og ein utbyggar sit ned prisen ein god del. — Rett og slett eit grep for å få fortgang der ute, seier John Reidar Johansen i Haugaland Invest.

Publisert Sist oppdatert

På Ekrene ligg det eit bustadprosjekt som ikkje har kome i gang. Tomtane er planert, veg er asfaltert og lyktestolpar sete opp. Det manglar berre hus.

Tindafjell panorama skal verte eit nytt bustadområde med både enkelståande eigedommar med utsikt mot Sletto og firemanns-bueiningar lengre inn.

Mannen bak prosjektet er John Reidar Johansen, eigar i Haugaland Invest.

Priskutt for å kome i gang

— Det er 12 tomter, og eg tenkjer 26 bueiningar passar fint der, seier Johansen.

For å kunne byrja bygging må dei selje eit visst antal bueiningar, og der har dei ikkje kome i gang.
Så langt har det ikkje vorte selt nokon.

Difor sit dei ned prisen på nokre bueiningar i ein firemanns-bueining, med 300.000 kroner.

— Når det blir liggjande heilt urørt utan at det skjer noko, så er det ugunstig. Det er då man må få hol på byllen, i håp om at folk ser at «det er her det skjer», seier Johansen.

Han meiner det er mange gode sider ved prosjektet.

— Det er ledig kapasitet i barnehagen som ligg i nærleiken, og lågare pris enn i Sveio sentrum og i Haugesund, seier han.

Difor kan ein undre kvifor dei ikkje har fått kjøparar, slik at dei kan byrje å byggje.

Usikkerheit på fleire måtar

— Dette slit me med heile bransjen, seier Bjørn Storebø i Blinkhus Valvatne.

Han har jobba over lengre tid med eit større prosjekt i Sveio sentrum. Heller ikkje der har sal av bueiningar losna.

— Steinhaugmarka vart lansert etter påska i 2022 og eg hadde ein heil del interessentar som datt av undervegs, seier Storebø.

Eigedomsmarknaden reflekterer ofte stemninga i samfunnet, noko Storebø trur kan forklare kvifor det går litt treigt for tida.

— Me var maks uheldig fordi krigen i Ukraina var nettopp byrja, og usikkerheita har auka med mellom anna krigen som påverkar priser og renta som har gått opp, seier Storebø.

Før pandemien steig prisane på byggjevarer to gonger i året, no kan det skje månadleg.
Usikker økonomi grunna krig, svingande straumprisar, høgare rente og auka byggekostnadar er alle medverkande for korleis det går med bransjen.

— Har du opplevd desse utfordringane tidlegare i din karriere?

— Nei, men me har vore borte i tider der det er langt mellom kundane og sala, seier Storebø.

Han understrekar at det ikkje berre er eit mørkt bilete og at det framleis er pågang i andre prosjekt, sjølv om det har vore utfordrande i Sveio.

Håpar marknaden blir betre

John Reidar Johansen meiner det ikkje er bra at prisen for ein firemanns-bueining er tilbake på prisnivået han hugsar det var i 2015, men at ein samstundes må sjå det i ein breiare kontekst.

— Skulle eg berre bygge to firemanns-bueiningar så hadde det ikkje gått, men om ein ser på det som ein igangsetting av eit større prosjekt vert det noko anna, seier han.

— Korleis opplever du marknaden?

— Kvar månad utan bygging er eit tap for eigarar av byggjeklare tomter, eller i kvart fall redusert gevinst. Viss marknaden ligg under den prisen ein ynskjer seg så er einaste mogelegheita å senke prisen dit kjøparane er. Sånn er det berre, forklarar Johansen.

Faktorane som står bak usikkerheita i eigedomsmarknaden har ikkje endra seg mykje den siste tida. Krigen held fram mellom Russland og Ukraina, renta har gått opp og prisane på bygging og materiale vil stige med jamne mellomrom.

Johansen håpar senkinga i pris på nokre bueiningar vil setje prosjektet hans i gang, og at marknaden så vil betre seg.

På spørsmål om han vurderer å setje ned prisen meir, eller på andre bueiningar, visar han til korleis prosjekta skal byggast og kvifor det var mogeleg å setje ned prisen i utgangspunktet.

— Det heng saman med at me har fått betre pris på elementa som brukast i bueiningane.

Fabrikkane tener ikkje på at ting står stille, avsluttar Johansen.

Powered by Labrador CMS