nyhende
Set fram det beste og set ned prisen
SIM har «grøn dag» neste veke og inviterer sveibuar på jakt etter skjulte skattar. I fleire veker har dei spara på dei beste bruktvarene folk har levert. Torsdag 23. november stiller dei ut og set samstundes ned prisane enda meir.
Sveio sin miljøstasjon har ikkje hatt eit bruktutsal så veldig lenge, men det har likevel vore pågang der både av dei som leverer og dei som kjøpar. Neste veke vil Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) setja fart på bruktsal over heile regionen og annonserer «grøn veke».
I løpet av den veka vil alle stasjonane ha kvar sin «grøne dag» kor dei set fram dei beste bruktvarene.
– Dei tilsette har nemleg i fleire veker samla opp saker og ting til den grøne veka, og dei er viljuge til å gje deg eit godt tilbod om du spør, skriv kommunikasjonsansvarleg Janne Hillersøy i ei pressemelding.
SIM har gjeve namnet «godt brukande» til sine bruktutsal, og byrja med tilbodet som del av deira samfunnsoppdrag med å auka gjenbruk.