nyhende
Ser tilbake på eit digitalt kyrkjeår
I Sveio i fjor blei det gjennomført langt færre gudstenester, med enda større nedgang i deltakarar enn tidlegare år. Samstundes er det nådd ut til mange med ulike digitale tiltak.
I 2020 flytta Sveio-kyrkjene ein god del av aktiviteten sin over på digitale plattformer. Dette gjeld blant anna gudstenester, andaktar, mindre song- og musikklag, samt enkelte trusopplæringstiltak. Dette kjem fram av årsmeldinga til Sveio kyrkjelege fellesråd.
Ifølgje årsmeldinga hadde Fellesrådet i fjor seks møte og behandla 35 saker. Sakene har mellom anna dreia seg om budsjett og rekneskap, vedlikehald/rehabilitering av kyrkjer, verneplan for gravplassar, samt reglement og personalordningar. Ved utgangen av året overtok Johannes Flatnes som leiar, Tor Helge Hardeland blei nestleiar. Året før var rollane motsett.
Eit krevjande år
Fellesrådet har ansvar for dei tilsette i kyrkja (prestane er tilsett av bispedømmet). Rådet har hatt ni personar tilsett i noko over fem årsverk, stillingane er fordelte på administrasjon, drift av gravplassar, kyrkjemusikarar/organistar, kyrkjetenar og trusopplæring/klokkar. I tillegg er tre personar tilsett som kyrkjetenarar.
For personalgruppa har fjoråret vore krevjande med mange vurderingar i høve til organisering av arbeidet, kor mykje ein kan treffast og om ulike aktivitetar kan gjennomførast.
Økonomi
Sveio kyrkjelege fellesråd kjem ut med eit driftsoverskot på 218 181 kroner. På inntektssida er tilskot frå kommunen den viktigaste inntektskjelda med 3,93 millionar kroner av eit totalt budsjett på 6,55 millionar. På utgiftssida utgjer lønsrelaterte utgifter omlag 3,95 millionar.
Ansvar for 12 bygg
Fellesrådet har ansvar for fem kyrkjer og kapell, samt sju andre mindre bygg tilknytt dei ulike gravplassane. I 2020 blei Førde kyrkje oppgradert med nytt tak på tårnet, samt overflatebehandla. Sveio kyrkje har fått ferdigstilt brannvarslingsanlegget.
På Framnes gravplass er det planlagt reparasjon av klokketårnet.
Ein er også kome igong med planlegging av utviding av gravplassen på Eikeland. Behovet for utviding er stort då fleire graver enn det som var kjent tidlegare, er for grunne til å nyttast til kistegravlegging. Det er også sett i gong arbeid med verneplan for gravplassane i Sveio.