nyhende

avsagt dom

Ser på hat og truslar mot politikarar som ei alvorleg samfunnsutfordring

Politimeister i Sør-Vest politidistrikt Hans Vik, oppmodar til førebygging av hatefulle ytringar og truslar retta mot politikarar og andre samfunnsdebattantar.

Publisert Sist oppdatert

Politimeisteren skildrar hat og truslar mot politikarar som ei alvorleg samfunnsutfordring.

– Det er alvorleg for dei som blir ramma, samt for deira næraste og for demokratiet. Hatytringar og truslar bidrar òg til å spreia utrygghet mellom anna som deltar i det offentlege ordskiftet, skriv Vik i eit brev, som er sendt ut til kommunane i politidistriktet.

Trussel mot ytringsfridomen

Vidare skriv han at mange som engasjerer seg i politikken opplever at debattklimaet er i ferd med å bli hardare. Dette kan utgjera ein trussel mot ytringsfridommen og demokratiet. Det kan føra til at fleire vegrar seg frå å delta i den offentlege debatten, eller ta del i (lokal) politikken.

At det kan vera tøft å vera politikar har kome fram også i Sveio, spesielt dei siste vekene og månadane, i ly av skulesaka. Nokon seier at ein må tåla slikt, men kor går eigentleg grensa?

Må vurderast

– Om dei ulike kommentarane på nettet er definert som hatefulle ytringar eller truslar, vil ei eventuell etterforsking og påtalemessig vurdering i etterkant avgjera, seier politikontakt for Sveio, Bjørn Inge Espeland.

Temaet blir tatt opp i politiråd, der ordførar og rådmann er oppmoda til å ha dette på agendaen i ulike kommunale fora.

Powered by Labrador CMS