nyhende

Ser nærare på hjelpeordning for barn

Kvart år gjev kommunen ein pengepott på 100 000 kroner til NAV. Den skal hjelpe familiar med mindre utgifter som kontingentar, skuleutstyr eller klede til barn. I år undersøkjer dei om potten må aukast, grunna dei fryktar stigande fattigdom i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

— Det er ein enkel ordning kor NAV administrerer den og kven som har eit behov, seier varaordførar og leiar i hovudutvalet for helse og omsorg, Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP).

Ordninga var starta for fem år sidan, har eit budsjett på 100 000 kroner årleg og skal kome sveibuar til hjelp med mindre beløp.
Det kan vere foreldre sjølv eller til dømes lærarar som melder inn eit behov til NAV.
At dei no vil sjekke ordninga og om den strekk til skuldast at dei fryktar aukande fattigdom.

— No les me i alle avisar at småbarnsfamiliar slit med å få endane til å møtast. Angsten min er til dømes at barn skal slutte på fritidsaktivitetar fordi foreldre ikkje har råd til å betale kontingent, seier Eriksen.

Førebels mykje igjen

Måndag 14. november vert sjølve funna presenterte, men Eriksen fortel at dei allereie har fått eit bilete av kva ståa er. Om lag 60 000 kroner har så langt blitt teken ut av potten.

— Når dei har brukt litt over halvparten og det er to månader igjen av året så ser det jo bra ut, men det er mykje som framleis kan skje, seier Eriksen.

Utvalet har ikkje fått noko indikasjon på kvifor det er om lag 40 000 kroner igjen, og ho seier dei ikkje kan senke skuldrene enno.

— Ting kan forandre seg, det kan vere fleire foreldre som treng støtte no, seier Eriksen.

Slik det verker så langt seier varaordføraren at ho ikkje vil foreslå å auke potten. Men mykje av det andre arbeidet rundt ordninga er å gjere den kjent for innbyggarane.

— Det er flott folk vert oppmerksame på den. Om dei er i ein situasjon der dei må velje mellom straum og kontingent så veit dei at det er hjelp å få, seier Eriksen.

NAV oppmodar til å søkje

Sindre Vikanes ved NAV Sveio er einig med varaordføraren. Han fortel at dei har hjelpt mange i år.

— Mellom 20 og 30 søkjarar, seier Vikanes.

Han rosar ordninga, særleg fordi det er enkelt å søkje. Det er ikkje krav om registrering eller noko som helst papirarbeid.
Ein treng berre melde inn eit behov til dei, enten med brev i postkassa, fysisk besøk eller på epost.

— Til foreldre, lærarar, trenare og lagleiarar som ser at barn treng litt ekstra støtte, så er oppmoding frå oss at ein kan søkje om desse midlane, seier Vikanes.

Ordninga er nemleg slik at det ikkje er spesifisert kva ein kan søkje pengar til. Så lenge det gagnar føremålet om at barn skal delta i aktivitet, vil Vikanes og NAV Sveio gjere ein vurdering.

Behov i Sveio

Vikanes legg ikkje skjul på at ordninga er nødvendig i Sveio.

— Sveio er ein kommune som kjem dårlegare ut på levevilkår enn gjennomsnittet i fylket. Det er noko som i stor grad påverkar vilkår for barn si oppvekst, seier han.

Ordninga bidreg mykje til at barn ikkje skal falle utanfor, og Vikanes meiner det er ein investering i barna som samfunnet får mykje igjen for seinare.

— Me veit at det er viktig for barn å kunne delta, og for å vere inkludert, seier han.

Deira erfaring med den faste summen frå kommunen er at den bidreg, og dei har ikkje opplevd noko negativt

— Det er i stor grad ein tillitsbasert ordning. Dei fleste er opne og ærlege om situasjonen og kvifor dei søkjer, og fleirtalet leverer kvitteringar, seier Vikanes.

Powered by Labrador CMS