nyhende
Ser lyst på framtida for Syria
Mamoun Omar Alshaban er ein av dei syriske flyktningane som har budd fleire år i Sveio. Etter omveltingane i helga ser han svært lyst på framtida for det opphavlege heimlandet sitt.
– Etter 54 år med diktatur kan syriske flyktningar no venda tilbake frå naboland som Tyrkia, Libanon og Jordan og ta fatt på arbeidet med å byggja eit nytt samfunn, seier Mamoun.
Kontakt med familien
I løpet av helga har han snakka med mora og broren sin i Nord-Syria, der han kjem frå. Dei har det bra og er svært glade over at Assad-regimet no er styrta, fortel han.
Mamoun har også tru på at dei som har leia opprøret mod Assad-familien også vil leia Syria i demokratisk retning.
– Dei har lova frie val. Det har me ikkje hatt i Syria, seier han.
Glede og uvisse
Vestavind har også snakka med fleire syriske flyktingar som har sterke meiningar om utviklinga i Syria, men ikkje vil stå fram i intervju. Felles for dei er glede over at diktatoren er borte, men samstundes ei viss uro over kven som no skal overta og korleis framtida vil bli.
Det blir også påpeikt at Europa og USA saman med dei arabiske nabolanda må innta ei aktiv rolle og samarbeida for ei fredeleg løysing som kan koma heile regionen til gode.
Vil ikkje tilbake
Mamoun flykta til Noreg i 2015. Etter to år på asylmottak i Stavanger blei han busett i Sveio i 2017. Etter gjennomgang av introduksjonsprogrammet her og deretter vidaregåande skule på Stord, flytta han og familien til Haugesund i 2022. Mamoun har fått jobb i ei betongverksemd på Åkra, medan kona hans jobbar i barnehage.
– Me har faktisk diskutert med familien vår om tida no er inne for oss også til å dra tilbake til Syria og vera med på gjenoppbyggingsarbeidet. Konklusjonen vår så langt er at me blir i Noreg. Barna er integrerte i det norske samfunnet og kan utdanna seg til gode jobbar her. Dei snakkar ikkje arabisk og vil ikkje ha dei same sjansane i Syria, seier Mamoun mellom anna.