nyhende
Ser du skilnad på skit og kanel ..?
Det er ikkje bjørnelort alt som er stort og stinkar. Her er ei skikkeleg dritoversikt du kan ta med neste gong du dreg til fjells eller skogs.
– Skilnaden på avføringa til planteetarar og kjøtetarar er enkel. Planteetarar etterlet seg ein klassisk lort, medan kjøtetarar skit pølser med ein krum eller spiss tupp, seier Petter Bøckman, som er zoolog og lektor ved Naturhistorisk museum.
Den fastare og meir pølseforma avføringa til kjøtetarane inneheld ufordøyelege restar frå byttedyra dei har ete, slik som fjør, hår og bein. Mange av rovdyra et også plantar og bær, og då er lorten lausare. Ein bjørnelort kan minne om ei kuruke, men om ein rører i ho, finn ein gjerne ufordøydde restar av plantar og bær. Kjøttkost gjer lorten mørk på farge, medan bein gir lyse eller kvite ekskrement.
Bøckman fortel at utsjånaden på avføringa fortel mykje om fordøyinga til dyret:
– Når dyr med mage som er tilpassa blad og gras tek til å ete bær, blir dei lause i magen. Om sommaren ser difor elglorten ut som ei laus kuruke. Den klassiske ruka frå kyr er nettopp slik fordi kyrne et kraftfôr. Kjøtetarar får på si side i seg mykje kalsium og fosfor, som etterlet eit kvitt belegg på avføringa etter ei stund.
Rådyr
Et plantar og plantedelar som er lett fordøyelege og har høgt næringsinnhald.
Avføring: Sylindrisk/bønneforma og cirka 1 til 1,5 centimeter lange. Avføringa ligg i små haugar. Om ho er fersk, er fargen nesten svart. Eldre avføring bleiknar og blir meir brun.
Hjort
Et gras, urter, lyng, lauv og skot, særleg frå lauvtre.
Avføring: Til liks med elgen, har hjorten store og utflytande ruker om sommaren, som kan bli forveksla med bjørneekskrement. Men der maten ofte er ufordøydd i bjørnelort, er hjorteavføring nedbroten, finfordelt og einsarta. Andre tider på året er lorten svarte, glatte og avlange kuler.
Raudrev
Altetande. Likar smågnagarar, hare, fuglar, frosk, fisk, meitemark, sniglar, insekt, frukt, bær, åtsel og hushaldavfall. Kan og ta små lam.
Avføring: 5–8 centimeter lang og fingertjukk. Mørkegrå/gråsvart på farge, men kan av og til vere nesten kvit når reven har ete bein. Lorten kan ha restar av fugl, hare og smågnagarar og ha utdregen spiss. Reveekskrement kan forvekslast med avføring frå bjørnungar, men bjørneeskrement kjem i mykje større mengder.
Mink
Et kreps, fisk, frosk, fugl, mus og mindre pattedyr om sommaren.
Avføring: Fast, pølseforma, snodd og trekt ut i ein spiss. 6-8 cm lang og opp mot 1 cm tjukk, med pels, beinrestar, fjør og bær. Om han har ete fisk, blir avføringa laus og utflytande. Lukta er særeigen og stram.
Elg
Sommarernæringa består av gras, lyng, vier, urter og lauv og skot frå treslag som rogn, selje, osp, bjørk og furu.
Avføring: Om sommaren har elgen store og utflytande ruker, som mange forvekslar med bjørneekskrement. Men der maten ofte er ufordøydd i lorten til bjørnen, er elgavføringa kraftig nedbroten, finfordelt og einsarta, med ein jamn og pastaaktig konsistens. Om vinteren har elglorten kuleform.
Gaupe
Et mest rådyr, men også mindre pattedyr og fuglar. Kan og ta husdyr som sau og tamrein.
Avføring: Ser ut som stor kattelort. Lukta er også sterk som hjå katt.
Grevling
Et både søppel, røter, bær, frukt og korn i tillegg til små pattedyr, egg og fugleungar. Meitemark utgjer ein stor del av næringa. Også flink til å leite seg fram til ynglebol for rotter og mus, og kan ete hoggorm.
Avføring: Pølseforma. Når grevling har ete meitemark, blir avføringa gråbrun og våt. Grevlingekskrement kan forvekslast med bjørneavføring, men grevlingen grev ofte ekskrementa ned i små groper i bakken på faste plassar nær hiet.
Jerv
Et alt frå søppel til åtsel, egg, smågnagarar, sau og store hjortedyr.
Avføring: Ofte pølseforma og cirka 2,5 centimeter tjukk med hår og beinrestar.
Bjørn
Altetar, men 95 prosent av kosthaldet består av røter, gras, lauk, rotknollar, bær og nøtter. Et også hjortedyr, sau, tamrein, fisk, insekt og åtsel.
Avføring: Kjøttdiett gir avføring med svart eller grå farge som kan vere tyntflytande ruker som inneheldt restar av hår og bein. Et bjørnen kadaver kan det vere flugelarvar i lorten, og ved mykje plantekost kan ekskrementa bli meir faste og lorteforma og grønleg på farge. Ved bærdiett kan avføringa innehalde heile bær og også bli lilla. Om bjørnen berre et blad og tomme bærskal, blir avføringa kalla «kaffigrutmøkk». Har han ete store byttedyr kan avføringa ha klumpete form og sjå ut som ei samling med små hårballar.
Ulv
Rovdyr, men kan også livnære seg av åtsel.
Avføring: 2,5 til 3 centimeter tjukk og pølseforma. Inneheld ofte beinrestar og hår (elgragg). Ekskrementa kan forvekslast med bjørneavføring, men der ulven legg frå seg nokre få lortar, legg bjørnen mange.
Kjelder: Petter Bøckman, Rovdata.no, Miljødirektoratet, Nina, WWF, jaktogfiske.njff.no, Store norske leksikon.