nyhende
Sentralbanksjefen anslår eitt rentekutt i året dei neste tre åra
Noregs Bank set ned styringsrenta frå 4,25 prosent til 4 prosent. Sentralbanksjefen anslår at det vil bli eitt rentekutt i året dei neste tre åra.
– Me ser ikkje for oss ein stor nedgang i renta framover. Prognosen me legg fram i dag, samsvarer med eitt rentekutt i året dei neste tre åra. I anslaga våre minkar den gjennomsnittlege bustadlånsrenta til i overkant av 4,5 prosent i 2028, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.
Prognosen for styringsrenta i denne rapporten minkar gradvis til noko over 3 prosent mot slutten av 2028. Prognosen er noko oppjustert frå førre rapport, heiter det i Noregs Banks pressemelding.
– Jobben med å få bukt med prisveksten er ikkje fullført, men ved å letta varsamt på bremsen legg me til rette for at prisveksten kjem tilbake til inflasjonsmålet utan at me bremsar økonomien meir enn nødvendig, seier sentralbanksjefen.
– Ei god og ei dårleg nyheit
Vurderinga til komiteen er at det truleg vil trengast ei noko høgare rente framover enn det var utsikter til i juni. Det er uvisse om dei økonomiske utsiktene, men dersom økonomien utviklar seg om lag slik komiteen no ser for seg, blir renta sett vidare ned i løpet av det næraste året, heiter det.
Dagens rentekutt er kjærkomme, men samtidig blir det færre kutt framover enn tidlegare forventa, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i SpareBank 1.
– Dette var ei god og ei dårleg nyheit på ein gong, seier han.
Oppjusterer rentebanen
– Dagens rentekutt er ein lette for alle hushald med bustadlån, men det kan ta tid før neste rentekutt kjem, seier seniorstrateg Sara Midtgaard i Nordea Markets til NTB.
– Samtidig oppjusterer dei endepunktet, altså rentebanen. Så totalt sett er det ikkje gitt at det blir like mange kutt som anteke, og det kan ta tid før neste rentekutt, seier Midtgaard.
Oppjusteringa av rentebanen utgjer 36 basispunkt, altså litt meir enn eit vanleg rentekutt på eit kvart prosentpoeng.
– Ikkje starten på bratt nedgang
Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SpareBank 1 Sør-Noreg seier han er glad på vegner av alle med bustadlån.
– Dette var ein «close call». Noregs Bank skriv sjølv at dei vurderte å halda renta uendra, men landa på at det vart rett å setja henne ned i dagens situasjon. Det gjer dei ikkje så ofte, seier Knudsen.
Han meiner Noregs Bank legg mindre vekt på det siste inflasjonstalet og heller tek på seg dei lange brillene i denne avgjerda.
– Sentralbanken har oppjustert rentebanen noko. Sjølv om det kjem eit kutt no, så er sentralbanken tydeleg på at dette ikkje er starten på ein bratt nedgang. Der det tidlegare var førespegla to rentekutt denne hausten, ser me no at det sannsynlegvis blir det med dette eine med ein gong.
Vurderte å halda han uendra
Noregs Bank viser til at prisveksten har minka, men at han framleis er over målet på 2 prosent. Samtidig har arbeidsløysa auka noko frå eit lågt nivå.
Komiteen vurderte å halda renta uendra på dette møtet, men landa på at det er rett å setja renta ned no.
– Informasjonen me har fått sidan juni, tyder på at det er litt færre ledige ressursar i økonomien, og at prisveksten kan halda seg oppe litt lenger enn me anslo i juni. Difor vil me truleg ikkje setja ned renta like raskt framover som me såg føre oss før sommaren, seier Wolden Bache.
– Gledeleg og viktig
– Det er gledeleg og viktig at Noregs Bank set ned renta i dag. Det betyr mykje for alle med lån. Både i fjor og i år stig lønningane mykje meir enn prisane. Saman med lågare rente betyr det at folk får betre råd, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Som følgje av Noregs Banks rentekutt har KLP varsla rentekutt på 0,5 prosentpoeng for alle ordinære bustadlån i banken med flytande rente. Fleire bankar seier at dei set ned bustadlånsrenta med 0,25 prosentpoeng.
I forkant av dagens renteavgjerd var det knytt uvisse til om sentralbanken kom til å kutta renta.Tal for norsk økonomi som har komme den siste veka, førte til at fleire økonomar og analytikarar endra anslaga sine og trudde banken kom til å halda renta uendra.