nyhende

føyse leik skule barnehage aktivitet barn

Senkar maksprisen for barnehageplassar

I statsbudsjettet gjer regjeringa ytterlegare kutt i maksprisen i barnehagar.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Klokka 10 torsdag blir Statsbudsjettet lagt fram. Nokre lekkasjar har kome og det er klart at regjeringa gjer ytterlegare kutt i maksprisen i barnehagar.

Frå 1. august i år låg maksprisen på 3.050 kroner, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

No kuttar regjeringa prisen til 3.000 kroner, opplyser kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til Dagbladet.

– Då Erna Solberg gjekk av, betalte kvar enkelt familie for eit heilt ekstra barnehageår berre i prisauken gjennom dei åtte åra med borgarleg regjering. I revidert budsjett i fjor klarte vi å setje ned prisen noko, og med dette statsbudsjettet set vi han ytterlegare ned, seier Brenna.

Kuttet gjeld frå 1. januar. I tillegg opnar regjeringa for at det tredje barnet i familien får gratis barnehageplass.

Dersom du bur i den såkalla tiltakssona i Finnmark eller Nord-Troms, blir barnehage heilt gratis.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS