nyhende
Seniorsjefen: Er du sikker på at du vil pensjonere deg?
Dei fleste norske leiarar meiner arbeidstakarar over 60 år presterer minst like godt som dei under. Likevel viser forsking at dei same leiarane ikkje tilset eldre, og heller ikkje oppmodar eldre tilsette til ikkje å pensjonere seg.
– Å få eldre til å stå lenger i jobb er ikkje for å vera snill med gamlingane, men naudsynt politikk i eit kost-nytte perspektiv. Det er bra for botnlina i samfunnsrekneskapen, seier Kari Østerud, som er direktør ved Senter for seniorpolitikk.
Det blir stadig færre yrkesaktive nordmenn, og mangelen på kompetent arbeidskraft er skrikande i fleire bransjar. Om samfunnet skal gå rundt i åra framover, er forskarane difor samde om at det vil bli avgjerande at folk står lenger i jobb.
For at det skal skje, trengst det ei rekkje haldningsendringar hjå både arbeidstakarar og leiarar, meiner Østerud:
– Norske leiarar meiner eldre arbeidstakarar presterer svært godt; at dei er både produktive, har kritisk kompetanse og er enkle å leie. Men likevel vil dei altså ikkje ha dei, fortel ho.
Yt like mykje
Senter for seniorpolitikk har i ei årrekkje kartlagt oppfatningar og haldningar i seniorpolitiske spørsmål i arbeidslivet blant yrkesaktive og leiarar. I fjor spurde dei 1205 leiarar i offentleg og privat sektor.
Då kom det mellom anna fram at nær to av tre leiarar er svært eller ganske usamde i at eldre bør kunne seiast opp før yngre. 64 prosent er usamde i at 60-åringar er meir krevjande å leie enn yngre arbeidstakarar. Meir enn åtte av ti leiarar er samde i at arbeidstakarar over 60 år har minst like gode prestasjonar som dei under 60 år. Meir enn sju av ti leiarar meiner dessutan at mange 70-åringar kan yte like mykje i jobb som folk som er 10-15 år yngre. 8 av 10 er også usamde i at eldre arbeidstakarar ikkje er produktive nok.
Mytane rår
Og likevel, altså:
Nær halvparten av dei same leiarane seier dei føretrekkjer å tilsetje ein person under 30 år framfor ein over 60. 45 prosent er samde i at 60-åringar har dårlegare evne til å lære og fornye seg i jobben enn yngre. Dei er også mindre positive til å tilsetje eldre arbeidstakarar enn erfarne, unge, eller nyutdanna. Gjennomgåande er leiarar i offentleg sektor i noko større grad positive til seniorarbeidstakarar, anten det gjeld tilsetjing, prioriteringar i ein nedbemanningssituasjon eller i haldningar generelt.
Eit fleirtal av leiarane seier også at dei ikkje har tilsette over 67 år. Det er fleire leiarar i privat sektor som har tilsette over 67 år enn i offentleg sektor.
– Det finst mange mytar om eldre arbeidstakarar der ute, og det første som må skje, er at leiarane tek avgjerder basert på fakta. Forsking har til dømes for lengst tilbakevist at eldre er mindre omstillingsdyktige. Sjølv om eldre lærer på ein annan måte, er den intellektuelle kapasiteten og læreevna uendra til langt opp i 70-åra, seier Østerud og legg til:
– Undersøkingar viste at eldre arbeidstakarar handterte ny teknologi like godt som dei yngre under korona. At dei yngre er betre på livsstils-appar som Tiktok, betyr jo ikkje at dei kan omsette den kompetansen til problemløysing i arbeidslivet. Med det sagt, må også eldre skjerpe seg og slutte å be ungane sine om hjelp til alt. For ikkje berre brukar vi eldre internett – vi innførte det faktisk også, humrar Østerud.
Vil jobbe lenger
Kva så med arbeidstakarane sjølve? Vil dei jobbe lenger når dei ser moglegheitene for pensjon nærme seg?
– Ja, seier Østerud – men det kjem litt an på når du spør dei, og kva for bransje og yrke dei står i. Yrke med skiftarbeid og turnus og store emosjonelle utfordringar, har jamt over høgare sjukefråvær og lågare avgangsalder. Leiarar og folk med høg utdanning jobbar lenger enn snittet.
– Når folk blir spurt om når dei skulle ønskje at dei kan gå av med pensjon, er svaret rundt 65 år. Men når vi spør eldre arbeidstakarar som framleis er i jobb, svarar dei nærare 70. Her er det altså både vilje og kompetanse til å jobbe lenger.
Fråver av politikk
Seniordirektøren understrekar at det er særleg tre område innsatsen må rettast mot, om ein skal få eldre til å stå lenger i arbeid. Det første er pensjonsordningane, som ho meiner er blitt mykje betre dei siste åra, og pensjonskulturen, som må signalisere at det faktisk er ok å halde fram i jobben. Det andre er at verksemdene må ta meir omsyn til arbeidstakaren si helse og personlege forhold. Det inneber til dømes førebygging av arbeidsrelatert sjukdom og betre oppfølging av sjukmelde.
Sist, men ikkje minst må ein auke medvitet om kor viktig innsatsen til den einskilde arbeidsplassen er. Berre fire av ti leiarar svarar til dømes at verksemda dei leier har ein strategi for å behalde og vidareutvikle eldre arbeidstakarar.
I offentleg sektor har 67 prosent av verksemdene ein slik strategi, mot 33 prosent i privat sektor. Dei konkrete tiltaka spenner frå moglegheit for gradvis nedtrapping, nye og endra arbeidsoppgåver og fleksibel arbeidstid. Eit mindretal verksemder tilbyr bonusar, opplæring i seniorpolitikk, karriererettleiing og seniordagar.
Alder = mangfald
– Mange arbeidsplassar brukar ikkje ein kalori på å få seniorane til å halde fram i jobben, og ei haldningsendring må til både blant leiarar og tillitsvalde. Blant alle verksemdene som er opptekne av mangfald- og likestillingsarbeid, har likevel berre 2 av 100 inkludert alder i mangfaldsarbeidet. No er det på høg tid at alder kjem på agendaen både på leiarsamlingar og i personalstrategiar, seier Østerud.
Ho understrekar at den viktigaste personen i arbeidslivet ditt er deg sjølv. Meldinga til godt vaksne arbeidstakar er difor også klokkeklar:
– Eldre arbeidstakarar må ta ansvar for eigen jobb og karriere, rekke opp handa, melde seg på prosjekt og be om kompetanseauke. Slik viser du at du har eit framtidsperspektiv, i staden for å berre telje ned til pensjon.