nyhende

Nordlys i all si prakt. FOTO RUNE STOLTZ BERTINUSSEN / NTB / NPK
Nordlys i all si prakt. FOTO RUNE STOLTZ BERTINUSSEN / NTB / NPK

Send oss dine nordlysbilete

I går kom nordlyset litt overraskande. Men fortvil ikkje, det er håp om nordlysopplevingar i kveld også.

Publisert Sist oppdatert

Får du fanga nordlyset på bilete, sende dei gjerne til oss: tips@vestavind-sveio.no

På grunn av lite skyer i kveld er det gode moglegheiter for å sjå nordlys i heile Sør-Noreg, melder Meteorologene på Twitter.

Lurer du på om det er nordlys i nærleiken av deg, kan du bruka Yr-appen. Nedst på appen finn du ulike funksjonar. Trykk på «i nærheten» og bla deg ned til i atmosfæren, så finn du nordlysvarslet.

Når du ser berre grønt nordlys, kan det vera at kamera fangar andre fargar som du først oppdagar når du kjem heim. Meir om dette, og kva nordlys er, kan du mellom anna lesa på Nordlysvarsel.

Powered by Labrador CMS