nyhende
Semje om ny barnelov: – Legg til rette for mindre konflikt
Eit breitt fleirtal på Stortinget er einige om ei ny barnelov, som skal sørgja for ein meir likestilt foreldreskap.
– Dette er ein milepæl for barns rettar i Noreg. Me legg til rette for mindre konflikt ved samlivsbrot og gir barn ei sterkare røyst i saker som gjeld dei, seier Åse Kristin Ask Bakke (Ap), medlem av familie- og kulturkomiteen.
Ein samla familie- og kulturkomité er einige om store delar av lova, medan konstellasjonar av ulike parti sikrar fleirtal for andre delar.
Partia er einige om ei barnelov som skal sørgja for ein meir likestilt foreldreskap, mellom anna ved å gjera delt dagleg styresmakt til hovudregel ved samlivsbrot, opplyser Arbeidarpartiet i ei pressemelding.
Barnas beste
Lova inneheld mellom anna eit nytt, innleiande kapittel som tydeleg slår fast barns grunnleggjande rettar, inkludert rett til omsorg, medverknad, vern mot vald og rett til familieliv.
– I den nye barnelova blir det presisert at det er barns beste som skal liggja til grunn, dette er eit stort steg framover for å sikra tryggleik, rettferd og barnets beste i alle situasjonar, seier Arbeidarpartiets Mona Nilsen.
Dagens barnelov vart sist oppdatert i 1981.
– Barnelova er oppdatert i tråd med tida me lever i og set rettane til barnet endå meir i fokus. I dag veit me kor viktig det er for barn å ha god tilknyting til begge foreldra sine, seier Nilsen.
– Første forslag ikkje godt nok
Innstillinga i saka vart klar torsdag og skal opp til røysting i Stortinget onsdag neste veke.
Familie- og kulturpolitisk talsperson i SV, Kathy Lie, gjer det klart at forslaget regjeringa først la på bordet om nye barnelov, ikkje var godt nok.
– No får me endeleg ei barnelov som set behovet til barna først. Det var klinkande klart for oss at barnelova måtte bli betre enn det regjeringa først la på bordet. Eg er glad me no får på plass ei barnelov der barnets beste er styrande for lova, seier ho.