nyhende

Politi
Politiet var på staden, der det etter kvart danna seg køar på begge sider av semitraileren.

Semitrailer sperra vegen

Tjernagelvegen var stengt ein times tid måndag ettermiddag etter at ein semitrailer fekk problem med bremsene.

Publisert Sist oppdatert

– Bremsene på. trekkvogna låste seg og køyretøyet blei ståande på tvers i vegbanen, får Vestavind opplyst ved Haugesund politistasjon.

Ingen andre køyretøy var involverte i uhellet og ingen personar kom til skade. Politiet fekk melding om hendinga ved 17-tida. Ein patrulje rykka ut til staden. Det oppsto køar på begge sider før bilbergar klarte å fjerna semitraileren.

Frå politiet si side blir uhellet sett på som eit hendeleg uhell. Det blir såleis ikkje følgd opp vidare frå deira side.

Powered by Labrador CMS