nyhende
Sel planteskulen: — Litt vemodig, men eg veit at drifta er i trygge hender.
Etter 62 år som familieverksemd vert Sunnhordland planteskule seld vidare til nye eigarar. — Vemodig, men eg veit at drifta er i trygge hender, seier Frida Helland.
Ho er dagleg leiar ved Sunnhordland planteskule i Valevåg, som vart grunnlagd av faren hennar Johannes Helland i 1960.
29 år seinare, i 1989, overtok Frida og mannen Anders Nyberg drifta av planteskulen gradvis, og verksemda har med åra vakse seg til ein stor og omtykt leverandør av norskproduserte planter.
No trekkjer Helland og Nyberg seg ut av drifta smått om senn, noko dei har vore førebudde på lenge.
Ny eigar i boks
— Me har heile vegen visst at ungane våre ikkje ynskjer å overtaka drifta, og det er gjerne ikkje så frykteleg mange år til me pensjonerer oss heller. Kva då? Me har jo ikkje lyst til å leggja ned planteskulen, seier Frida Helland.
Men nokså kjapt kom løysinga dalande til dei på englevinger:
Lyssand gartneri AS på Os melde interesse for å kjøpa verksemda, og eit gradvis eigarskifte er allereie godt i gang.
— Me vart letta og veldig glade for dette, seier Helland.
Helland er overtydd om at den rette eigaren er i boks, men det er ikkje berre enkelt å gjeva slepp på ei verksemd som har tilhøyrt familien i ei årrekkje.
— Det er litt vemodig å selja, og ein epoke er dermed over. På den andre sida er eg veldig glad for at verksemda har ei framtid og skal forvaltast av nokon med høg kompetanse og mykje fagkunnskap, seier Helland.
— Var ikkje meininga
Òg jakta etter ein ny dagleg leiar er i mål.
Den utvalde heiter Grethe Lier Alne, som er kjend for den daglege drifta av blomebutikken Sveio Blomster og Gaver.
Den 1. august trer ho offisielt inn i stillinga som dagleg leiar ved Sunnhordland planteskule.
— Det var ikkje heilt meininga! seier ho og ler.
— Eg fekk tilbodet i påska og syntest det høyrdest spanande ut. Eg kjenner meg kjempeheldig som fekk dette tilbodet, held Alne fram.
Andletet hennar vert dermed sjeldnare å sjå på blomebutikken i Sveio, men ho kan fortelja at ho ikkje melder seg ut fullstendig:
— Dei tilsette ved Sveio Blomster og Gaver klarer seg ypparleg. Eg kjem framleis til å stå oppført som dagleg leiar og trør til når det er trong for meg.
Ho ser fram til å medverka til vidareutvikling av planteskulen og trur at den nye jobben vil byda på ei rekkje spanande arbeidsoppgåver.
Når Alne trer inn i rolla for fullt, kjem ho til å få opplæring av den avtroppande Helland over ein lengre periode.