nyhende
Seks personar drukna i september
Seks personar omkom i drukningsulykker i september. Så langt i år har 69 personar drukna i Noreg. Det er ein meir enn på same tid i fjor.
Fem menn og éi kvinne drukna i september. Den yngste var i 30-åra, medan den eldste var i 80-åra. Halvparten av drukningsulykkene skjedde i Vestland fylke, som har flest drukningsulykker så langt i år.
Tre av drukningsulykkene i september skjedde etter fall frå land. Det var éi ulykke i tilknyting til eit yrkesfartøy, éi under bading og éin person mista livet då eit køyretøy hamna i sjøen. Éi ulykke er også kategorisert som «anna».
I oktober skjer dei vanlegaste drukningsulykkene etter fall frå land og frå fritidsbåt, viser Redningsselskapets drukningsstatistikk for perioden 2017-2022.
– I oktober er det framleis ein god del aktivitet på sjøen. Hummarfisket er det store eventyret i haust for mange. Tenk tryggleik før og under turen, sjekk vêrmeldinga, bruk flyteplagg, kle deg godt og sørg for at du kan varsle om du treng hjelp, seier Tanja Krangnes, som er fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet, i ei pressemelding.