nyhende
Seks køyretøy fekk bruksforbod
Torsdag hadde Statens vegvesen utekontroll på ved fylkesgrensa på E39. Konklusjonen etter kontrollen er at det er behov for fleire kontrollar ved E39 og i Sveio generelt.
Kontrollen pågjekk mellom klokka 12.30 og 18.30, og det vart også bruk Vegvesenet sitt system for automatisk skiltgjenkjenning. Då kontrollen var avslutta, hadde 693 køyretøy passert, og 54 av desse blei stoppa for nærare kontroll
Resultatet blei
- 19 køyretøy hadde teknisk mangel som manglande baklys, blinklys, parklys, hovudlys og dekkmønster under 3 millimeter.
- 6 køyretøy fekk gebyr for manglande vognkort for bil eller tilhengar.
- 1 fekk gebyr for dekk som var under minstekravet for mønsterdjupne på 3 millimeter.
- 3 krav: 1 for manglende utført periodisk køyretøykontroll, og her blei også skilta inndratt. 2 for manglande omregistrering.
- 6 bruksforbod der førar ikkje får køyra vidare før forholdet er ordna. Bruksforboda gjaldt mellom anna sikt – herunder folie i frontrute og sideruter framme – manglande sikkerheitswire på tilhengar og forkøyring med bil som var midlertidig avregistrert. Her blei det også eti gebyr på 5.000 kroner.