I følgje Haugesunds Avis har det vore 24 smittetilfelle i Sveio i november. Kommunalsjef innafor helse og omsorg, Ingunn Toft bekreftar at dette talet kan stemma overeins med deira statistikk.
– Det stemmer ganske godt. Me har vore skåna til no, og det skulle ikkje så mykje til for å toppa den, seier Toft.
No er det flest barn i barneskulealder som får viruset, seks trinn på Sveio skule er berørte.
Foreldre til elevar som ikkje har blitt smitta skal forholda seg til dei generelle råda frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Dersom det er smittetilfelle i ein klasse, blir det sendt melding om dette heim.
– Ungdomsskuleelevane testar seg sjølve, barneskulen får med test heim. Det blir fortløpande vurdert om kva som er hensiktsmessig. Det kan vera at råda blir justerte, seier Toft.
Dei som får test med seg heim, er oppmoda til å ta denne med ein gong.
Koronasituasjonen har ikkje skapt bemanningsutfordringar i Sveio kommune.