nyhende
Seks av ti meiner promillegrensa til sjøs er for høg
Promillegrensa i båt er fire gongar høgare enn på vegane. Eit klart fleirtall meiner grensa bør senkast, kjem det fram i ei undersøking Norstat har utført for Frende Forsikring.
58 prosent svarar at promillegrensa til sjøs burde vore lavare enn 0,8, medan 15 prosent er usikre på om grensa er for høg.
– At berre 3 av 10 vil halda på dagens grense seier sitt. Her er ikkje folkeopinionen i takt med regelverket i det heile tatt. Det er sjeldan me ser at folket vil ha strengare reglar enn myndigheitene, slik som dette, seier Edmond Wold Gaulen, fagsjef båt i Frende,.
Edru bak rattet
Redningsselskapet vil ikkje ta stilling til kva promillegrensa bør vera, men har klare meiningar om alkohol og båtliv.
– Tankar om promillegrenser overlet me til politikarane, men det er interessant at fleirtallet av dei spurte meiner grensa burde vore lavere. Me seier klart og tydeleg at alle som fører båt skal være edru, seier Frode Pedersen, informasjonssjef i Redningsselskapet.
Mange tar båtferie i sommar
Frende har meir enn dobla salet av båtforsikringer hittil i år. Med noregsferie i anmarsj, er det mange som vil ha sjøen som feriestad i sommar.
– Me ventar fleire båtar på sjøen enn i fjor sommar, og det krev meir av førarane. Me ventar også fleire ulukker som ein konsekvens, seier Wold Gaulen.
Redningsselskapet ser den samme trenden med rekordtidlig aktivitet og stor omsetnad for aktørar i båtbransjen.
Krev full konsentrasjon
– Utfordringane med å føra båt på ein stadig meir trafikkert sjø, der farten har auka dei siste åra, krever full konsentrasjon. Om du er påvirka av alkohol kan merksemda bli redusert betrakteleg. Først når du er klar i hovudet er du klar for sjøen, seier Pedersen.
Også Redningsselskapet er spent på korleis sommeren 2020 vil gje utslag i skadestatistikken.
– Det blir ein spesiell sommar, og me vil truleg sjå statistikk med fleire nybegynnarfeil enn tidligare. Men at fleire brukar sjøen er flott, ikkje minst for dei som driv næring langs kysten, seier Pedersen.