nyhende

FARGEFORSKJELLL: Den norske seien er gråare på farga enn både torsk og seikonkurrenten Alaskan Pollock, og smakar meir «fisk».
FARGEFORSKJELLL: Den norske seien er gråare på farga enn både torsk og seikonkurrenten Alaskan Pollock, og smakar meir «fisk».

Sei det er servert!

Det perlegrå kjøtet er magert og svært godt eigna til smaksrik mat, og no har også prisane på norsk sei stupt. Her er fire rimelege rettar.

Publisert Sist oppdatert

Reduserte torskekvotar, høgare seikvotar og lågare prisar på konkurrerande sei har ført til at prisskilnaden mellom sei og torsk har auka jamt dei siste ti åra. I dag kostar sei om lag halvparten så mykje som torsk.

Det gjer han til eit attraktivt alternativ på middagsbordet i dyrtida me no er inne i. Her er oppskrifter på fire smakfulle rettar for deg som er klar for nye impulsar i middagskvardagen.

Grove seikaker med kålsalat

Ingrediensar (4 porsjonar)

  • 500 gram seifilet, utan skinn og bein
  • 1,5 ts salt
  • 1,5 dl mjølk
  • 1 ms potetmjøl
  • 0,5 ts pepar
  • 2 ms margarin, flytande

Kålsalat

  • eit kvart kålhovud
  • 1 gulrot
  • 1,5 dl lettrømme
  • 1 ts sukker
  • 1 ms sitronsaft
  • kajennepepar

Server med

  • 4 burgarbrød, grove
  • halv paprika, gul
  • halv paprika, grøn
  • ruccolasalat

Slik gjer du

Del fiskefileten i bitar og ha den i foodprosessoren. Ha i salt og køyr til deigen er jamn og seig – det tek berre nokre sekund. Ha i iskald mjølk i ein jamn straum medan maskina går. Ha i potetmjøl og pepar, og eventuelt andre krydder. Form ei lita prøvekake, steik ho og smak om ho er passeleg krydra. Form store flate kaker og steik dei i flytande margarin, cirka 2–3 minutt på kvar side.

Kålsalat

Vask, reins og riv hovudkål og gulrot. Rør saman ein dressing av lettrømme, sukker, sitronsaft og smak til med litt kajennepepar. Bland dressingen godt saman med riven kål og gulrot.

Tilbehøyr

Varm burgarbrød som anbefalt på pakka. Vask, reins og skjer paprika i tynne strimlar. Vask og reins ruccolasalaten. Server seiburgarar i burgarbrødet med kålsalat, paprika og ruccolasalat.

Sei med krema graskarpuré

Ingrediensar (4 porsjonar)

  • 800 gram seifilet, utan skinn og bein
  • 400 gram graskar
  • 2 poteter
  • 1 purreløk
  • 2 gulrot
  • 4 ms olivenolje
  • 150 gram kremost, naturell
  • 300 ml vatn
  • salt og pepar
  • grasløk

Slik gjer du

Kutt graskar, potet, gulrot og purre i små bitar. Ha olivenolje og grønsakene i ei gryte. Når dei har fått litt varme, ha i vatnet og kok til bitane er møre. Hell av vatnet og mos grønsakene til ein tjukk krem og tilset kremosten. Smak til med salt og pepar og sett til sides.

Ha litt salt og pepar på seifiletane. Om du ønskjer, kan du kutte fisken i porsjonsstykke. Legg seifiletane på grill eller i ei steikjepanne. Ha graskarpureen i botn av tallerken eller serveringsfat. Plasser dei ferdige seifiletane på toppen og pynt med hakka grasløk og litt nykverna pepar.

Sei tandoori med agurksalat

Ingrediensar (4 porsjonar)

  • 700 gram seifilet, utan skinn og bein
  • 4 ms olje
  • 3 ms tandoorikrydder

Agurksalat

  • 1 agurk
  • 1 kvist mynte, frisk
  • 1,5 dl matyoghurt

Server med

  • nanbrød

Slik gjer du

Del fisken i serveringsstykke og legg stykka på eit fat. Pensle fiskestykka med olje og dryss over tandoorikrydderet. Steik fisken i olje ved middels varme, 2–3 minutt på kvar side.

Agurksalat

Skrell agurk, del i to på langs, ta ut kjernane og skjer i tynne skiver. Vask og finhakk mynte. Bland agurkskiver saman med finhakka mynte og yoghurt. Server sei tandoori med agurksalaten og nanbrød ved sida av. Pynt gjerne med mynteblad.

Fiskegrateng med hot sei

Ingrediensar (4 porsjonar)

  • 800 gram seifilet, utan skinn og bein
  • 5 dl makaroni
  • nokre loffskiver
  • 1 dl kruspersille, frisk
  • smør
  • salt og pepar

Saus

  • 1 fedd kvitløk
  • 2 sjalottløk
  • 100 gram smør
  • 100 gram kveitemjøl
  • 8 dl heilmjølk
  • 6 eggeplommer
  • 3 eggekvitar
  • 1 sitronbåt
  • kajennepepar
  • salt og pepar

Tilbehøyr

  • brød
  • råkost

Slik gjer du

Set steikomnen på 200 °C. Skjær seifilet i terningar på cirka 2 cm. Kok makaroni som anbefalt på pakka. Varm smør i ei steikjepanne og steik seien i cirka 4 minutt. Smak til med salt og pepar. Ha seien i ei eldfast form, smurt med smør. Riv loff i bitar, og køyr i ein blendar med persille til ein jamn masse.

Saus

Finhakk kvitløk og sjalottløk, og fres i smør i 2–3 minutt. Rør inn kveitemjøl, og spe på med heilmjølk, litt om gongen, under omrøring. Dra sausen av varmen og sett til avkjøling. Pisk inn eggeplomme i den avkjølte sausen. Stivpisk eggekvite og vend inn i sausen. Smak til med safta av sitron, kajennepepar, salt og pepar.

Bland den ferdigkokte makaronien i sausen og hell over seien. Dryss over loff- og persilleblandinga, og steik i steikeomnen til toppinga har fått ein gyllen farge, i 15-20 minutt. Server fiskegratengen med brød og råkost.

Kjelde: Noregs sjømatråd/godfisk.no

Powered by Labrador CMS