nyhende
Extra Sveio tronar på pantetoppen igjen
Butikken i Sveio senter har samla nesten 600.000 flasker og kan no få ny pantemaskin der kundane berre kan hella inn panten.
– Det er supert at sveibuen og kundane våre er så flinke til å panta, seier butikksjef ved Coop Extra Sveio, Rebekka Lye.
Extra Sveio enda med 595.000 flasker, og trona nok ein gong øvst på pantetoppen i kommunen. Lye trur plasseringa av pantemaskina er ein viktig grunn til dei gode tala.
– Det gjer det litt enklare for folk å kunna stå i fred og ro i gangen når dei pantar, enn å stå midt inne i butikken, seier butikksjefen, som ikkje var overraska over at butikken igjen enda på topp.
Kan vi snart begynna å hella?
Dei sterke pantetala kan også føra til ei nyvinning i butikken – i alle fall for Sveio sin del.
– Det ligg litt i lufta at me får ei ny pantemaskin snart, særleg sidan me har så høge pantetal. Eg var i møte med folk i Coop, og dei var positive til at vi kan få ei slik maskin der du kan hella inn panten, fortel butikksjefen.
Ho vil likevel ikkje fastsetta noko tidspunkt for når ei slik maskin eventuelt kan vera på plass i gangen på Sveio senter, men er håpefull om at det vil skje om ikkje altfor lenge.
Maskina det er snakk om, er ein Tomra R1. Den blir mellom anna brukt i dag på Coop Obs på Amandasenteret i Haugesund.
Pantetala auka nasjonalt
I 2025 blei det på nasjonalt plan samla inn 1,6 milliardar plastflasker. Det er ein auke på 4,5 prosent frå året før, viser tal frå Infinitum, som driv pantesystemet.
– Innsatsen til både dei som arbeider i butikkane og kundane deira er avgjerande for at Noreg har verdas beste pantesystem. Alt som blir panta, blir resirkulert til nye boksar og flasker, og dette bidreg til at vi får utnytta ressursane maksimalt, seier Randi Haavik Varberg, kommunikasjonssjef i Infinitum, i ei pressemelding frå selskapet.