nyhende

Sport

Etter fleire månader utan klubb ser det no ut til at det berre er timar før sveibuen Thomas Kinn signerer for den nye klubben sin.

På veg til ny klubb – Eg sit i bilen på veg oppover

Mykje tyder på at sveibuen Thomas Kinn har funne seg ein ny klubb. Tidlegare i karrieren har han reist både sørover og austover. No går turen nordover.

Publisert

– Eg sit i bilen på veg oppover, seier Kinn då Vestavind-journalisten ringer tysdag for å høyra om han er på veg til Ulsteinvik for å signera for fotballklubben Hødd.

Det var Sunnmørsposten som først erfarte at Kinn var på veg til klubben på ein kontrakt som strekker seg ut 2026-sesongen.

Tysdag ettermiddag har det førebels ikkje kome noko frå Hødd sine offisielle kanalar om signeringa, men under samtalen med Kinn verkar det som det berre er éin ting som står att før han i praksis er Hødd-spelar.

– Eg håpar eg kjem trygt fram, seier han.

Det var via agenten sin at Kinn fekk vita om førespurnaden frå klubben, noko som no ser ut til å berre vera ein køyretur unna at han signerer for laget i blått.

– Det dukka opp ein moglegheit, og det var den klubben som viste mest interesse. No byrjar fotballsesongen å nærma seg, så det var på tide å finna seg ein klubb. I tillegg er Hødd ein tradisjonsrik og kul klubb, seier Kinn.

Satsar på å bli førsteval

Hødd spelar i OBOS-ligaen og enda i 2025 på 10. plass, etter opprykket frå 2. divisjon i 2024.

– Eg trur me kan bygga vidare på det dei gjorde i fjor, og kanskje klatra endå litt høgare i år, seier Kinn om forventningane før årets sesong.

– Har du fått nokre lovnader eller forventningar om speletid?

– Det er to unge keeparar som er der no, så kjem eg med litt rutine. Men det handlar jo om å gjere det godt på trening og i kamp, svarar sveibuen, som satsar på å bli førsteval mellom stengene.

Eit innhaldsrikt fjorår

Kinn kjem frå ein 2025-sesong der han fekk vera med og bidra til Viking sitt seriegull, samstundes som han var med på å berga plassen for den finske klubben AC Oulu i den øvste divisjonen i Finland.

Sidan nyttår har han halde seg i heimlege trakter.

– Eg har vore heime på Haugalandet og jobba litt hos far min på Haukås Dekk og Fritid, trent litt på gymmen og fått trent ein del med Vard Haugesund.

– Korleis er eigentleg fotballforma om dagen?

– Nei, eg gjorde det ganske bra som stoppar då eg trente med Vard, så får me sjå når eg tek på meg hanskane igjen, svarar han lurt. 

Eit lite stikk til FKH?

Då han blir utfordra på om det er nokre lag han gler seg ekstra til å møta i årets sesong, svarar han:

– Nei, eg trur vel eigentleg ikkje det. Men eg kan tenkaa meg at det er eit lag som gjerne vil slå litt tilbake med tanke på fjoråret. Det var litt kontrastar på sesongane, seier han lurt.

Han siktar til FK Haugesund, som rykte ned i 2025, og til seg sjølv, som bidrog då Viking tok seriegull.

Powered by Labrador CMS