nyhende

Frå 1. juni byter Tommy-René Stordal ut Noregs minst folkerike kommune med kraft- og industrikommunen Sauda.

Kommunedirektøren skiftar jobb – men blir buande

Tommy René Stordal går frå Utsira til Sauda, men held fram med Sveio som heimeadresse og pendlar vidare til ny jobb.

Publisert

Stordal har vore kommunedirektør på Utsira sidan oktober 2024, og kjøpte bustad i Sveio i 2025. I perioden på Utsira har han veksla mellom heimekontor i Sveio og pendlarbustad.

Frå 1. juni startar han som kommunedirektør i Sauda.

Sveio blir heimeadresse

Stordal gjer det klart at jobbskiftet ikkje inneber flytting.

– Sauda var klar over at eg har bustad i Sveio, og den har eg tenkt å behalde, seier han til Vestavind.

Han forklarar at han ikkje ønsker å bytte bustad igjen no, og seier at han har funne seg godt til rette i kommunen.

Held fram med å pendle

Overgangen til Sauda betyr at pendlarkvardagen held fram, men med noko kortare reiseveg enn i dagens jobb på Utsira.

Stordal anslår turen til Sauda til i underkant av to timar frå Sveio, medan reisa til Utsira ofte har teke rundt to timar og eit kvarter.

– Planen min er å vere mest mogleg i Sauda, på kontoret. Eg får ein pendlarbustad i kommunen, så eg har høve til å overnatte der når eg har behov, seier Stordal.

I tida på Utsira har Stordal hatt to faste dagar på heimekontor i Sveio. Med ny jobb i Sauda kan det bli meir tid i pendlarbustad og mindre heimekontor.

Vart kontakta om stillinga

Stordal vart kontakta av eit rekrutteringsbyrå om stillinga i Sauda. Det vart starten på prosessen som seinare enda med at han søkte.

Han peikar på både utviklingsmoglegheiter og faglege utfordringar som grunnar til at han takka ja.

– Det er ein interessant kommune med gode kraftinntekter og ei spanande framtid. Han er kjend for industri og har mykje spanande på gang, seier Stordal.

Han trekker også fram at Sauda er ein større kommune enn Utsira, noko som gir fleire faglege utfordringar.

Ordføraren: – Svært gledeleg

18. februar vedtok Sauda kommunestyre samrøystes å tilsetja Stordal, og Sauda-ordførar Håvard Handeland seier han er godt nøgd med tilsettinga.

– Det er svært gledeleg etter ein lang periode med fungerande og konstituert kommunedirektør at me no er i mål med ei samrøystes tilsetting. Tommy-René Stordal har god erfaring innan kommunal forvaltning, og me ser alle fram til å ønska han velkommen til oss i Sauda kommune, seier Handeland på kommunen si eiga nettside.

Stordal tiltrer stillinga som kommunedirektør i Sauda 1. juni og tek over for Vegard Thise, som sist hadde stillinga fast.

Powered by Labrador CMS