nyhende
Sauebeite sperra av etter funn av rakett
På eit sauebeite i Bjellansvegen fann ein bonde det som såg ut til å vera ein rakett. Beitet blei avsperra i påvente av undersøkingar. I ettermiddag fann bonden sjølv ut av rakettmysteriet.
Bonden melde frå til politiet måndag føremiddag. Han tok også bilder som er vidaresendt til politiet si bombegruppe.
– Bileta vart sendt vidare til Forsvaret, som meiner det ser ut som ein rakett laga på hobbybasis, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Nina Fagerland.
Politi og Forsvaret varsla
Alexander Bjelland er mannen som oppdaga det heile og varsla.
Politiet har vore på staden og sperra av eit område på om lag 20 ganger 20 meter rundt objektet.
– Det er jo eit stykke vekk frå folk, så befolkningen er ikkje i noko fare, seier Fagerland.
Vurderinga er at den ikkje utgjer noko trussel, men Forsvaret seier at dei vil gjera ei ny vurdering og kome sjølv til staden fortel Fagerland.
Rakettmysteriet er løyst
Det viser seg at raketten er skoten opp av sonen til naboen til Bjelland.
– Dei dreiv og testa ulike ting før dei skulle senda opp ein stor rakett på tre meter i Nordsjøen for ein del år sidan. Testrakettane blei skotne opp frå ein base ved Hinderlivatnet, og dei hadde ingen aning om kor den hadde landa, fortel Bjelland til Vestavind.
Han er glad for at det no er stadfesta at det ikkje var sprengstoff i raketten, og undrande til at han ikkje har sett den før.
– Eg går ganske ofte i området, og det er utruleg at eg ikkje har sett den før, seier Bjelland.
Blir tatt vare på som suvenir
På avstand trudde han det var ein spade, og såg først at det var ein rakett då han kom nærare.
– Då var det tryggaste å varsla folk som kunne sjekka raketten i tilfelle det var sprengstoff i den. Når det no er avklara, skal me få den fjerna, seier Bjelland.
Både naboen og dei som var med på prøveoppskytingane, er overraska over kor langt raketten hadde gått.
– No vil faren ha raketten som ein suvenir, fortel Bjelland.