nyhende

PolitiUPUtrykkingspolitietHaukås

Sauar på tur langs E39

Torsdag fekk politiet melding om lause sauar langs E39.

Publisert Sist oppdatert

— Meldinga kom rundt klokka elleve i går føremiddag, seier Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Politiet fekk ein telefon om lause sauar som valfarta utanfor gjerdet til europavegen.

— Dei stod og beita ved gjerdet til 80-sona, ved avkøyrselen til Bråtveit og Våga, seier Løvereide.

Då tok politiet telefonen fatt og ringde rundt til bønder i nærleiken.

— Me fekk tak i ein som sannsynlegvis visste kven sine sauar det var, og han skulle sørga for at dei kom seg trygt tilbake, seier ho.

Etterpå høyrde dei ikkje noko meir, og antok at saka løyste seg.

— Så dykk rykka ikkje ut?

— Viss det hadde vore ein heil saueflokk på E39 hadde me rykka ut, men nokre få ved sidan av vegen som beitar er ikkje noko, seier Løvereide.

Powered by Labrador CMS