nyhende
Rakel og Rebekka på Lindmo fredag kveld:
«Sau» – ei hyllest til sauebonden
Korleis skal eg driva garden, og skal eg verkeleg ta over? Det var spørsmål Rakel Nystabakk måtte stilla seg før ho tok avgjerda med å ta over sauegarden til familien, som fjerde i rekka. Heile opplevinga hennar kjem på kino i slutten av januar.
Filmen handlar om eit småbruk som skal skifta til neste generasjon, frå far til dotter. Han handlar om tradisjon og overlevering av kunnskap, om å finna sin eigen veg i dei spora der andre har gått før. Og så handlar han om sauer.
– Me ante ikkje kva me gav oss ut på. Det har vore tidvis artig, men også tøft innimellom. Men så var me veldig einige om at me skulle gje eit realistisk bilde på korleis det er, med både oppturar og nedturar.
Det fortel hovudperson og sauebonde Rakel Nystabakk i dokumentarfilmen «Sau». Dei siste fire åra har syster hennar Rebekka Nystabakk, dokumentert reisa til Rakel. Ei lang reise som finn stad ikkje langt heimanfrå. For sjølv om sau alltid har vore ein del av livet til Nystabakk, er det noko anna å driva ein gard sjølv.
Idyll og frustrasjon
– Med filmen ønsker eg å visa heile spennet i livet som bonde. Kvardagen består av mange overraskande utfordringar, hardt arbeid og verkeleg magiske augneblikk, seier filmregissør Rebekka Nystabakk.
Nokre gonger er det fantastisk og idyllisk, andre gonger står det om liv og død. Det er frustrasjon og søvnlause netter, beskriv ho.
– Men dei har òg ein nærleik til naturen som me berre kan misunna.
Heimvend bonde
Familiegarden til Rakel Nystabakk ligg i Sørfold kommune i Nordland. Sjølv seier ho at det er eit tradisjonelt nordnorsk sjølvbergingsbruk som har husa både kyr, geiter og sjølvsagt sauer. Ho har budd vekke frå heimplassen i 13 år, for i Nord-Noreg, som på fleire andre plassar, er det ikkje alltid at ein kan gå på skule i nærleiken av heimen.
– Sjølv om eg budde vekke, så har eg aldri følt at eg har flytta. For meg er heimplassen ein veldig stor del av meg og livet mitt, så det er nok ein av grunnane til at eg flytta tilbake, seier ho.
– Då eg og syskena mine vaks opp, var me jo med i slåttonna det me kunne. Me var òg med både i lemminga, sauesankinga og sorteringa av dei til både vår og haust. Me har alltid vore veldig involverte.
Sjølv om ho har 130 vinterfôra sauer, føler Nystabakk at ho eigentleg driv meir som ein småbrukar enn ein storbonde.
Tradisjon og innovasjon
Ramma for filmen, som er eit portrett av den fjerde generasjonen som driv garden, er ikkje berre dei dilemmaa som ein kan kjenna på når ein skal velja mellom å flytta heim eller å bli buande vekke, eller å driva garden eller legga ned drifta. Filmen handlar òg om å laga rom til ei røyst som Nystabakk meiner er fråverande i landbruksdebatten.
– Det eigentlege utgangspunktet vårt, var at me ville formidla noko om dette livet og denne forma for landbruk. På ein måte manglar det litt i landbruksdebatten, dette med det tradisjonelle, den meir småbruksprega driftsforma og kor nært ho og handverket er knytt til kulturen vår. Me vil få fram forholdet til dyra og dra det inn i ordskiftet, seier ho.
For Nystabakk er det viktig å understreka at det ikkje treng å vera ei motsetning mellom landbruk og matproduksjon og klima og miljø. For å få til det meiner ho at ein må tenka både tradisjonelt, men òg innovativt.
– Me må bruka ressursane berekraftig over tid.
«Sau» har verdspremiere under Tromsø internasjonale filmfestival 18. januar. 26. januar blir filmen å sjå på kino over heile landet.