nyhende

Satsar på opning til påske

For å få på plass ny butikk i Auklandshamn, må det skaffast 1,3 millionar kroner. Arbeidet med å få folk til å teikna andelar pågår for fullt, og planen er å opna butikk til påske.

Publisert Sist oppdatert

Det er lagt ned mykje dugnadsarbeid i å pussa opp lokala allereie. Det det trengs pengar til no er å innreia butikken til dagens standard.

– Kvar andel er 100 kroner. 1,3 millionar vil seia 13.000 nye andelar. Kor langt har de kome i høve til det?

Frist 15. desember – butikk til påske

– 100 kroner per andel er frå gamalt av, og det får me ikkje gjort noko med. Men det er sjølvsagt lov til å kjøpa så mange ein vil og har råd til. Fristen er sett til 15. desember. Me avventar litt med å gå ut med tal, men håper me kan presentera tal i slutten av denne veka, seier Jan Øyvind Gravdal.

Han har stor tru på at dei kjem i hamn med finasieringa.

– Planen er opning av sjølvbetent butikk til påske, men med tilsette i butikken i kjernetida. Då kjem mange heim og det er fullt av folk på hyttene. Det vil gi ein god start for dei som skal driva butikken, seier Gravdal.

Dei blei anbefalt å ha vanleg betent butikk det første året, men har fått gehør for å gå i gong med sjølvbetent butikk frå starten av med tilsette i butikken i kjernetida

– For dei som skal driva butikken var også moglegheit for sjølvbetent butikk ein føresetnad, seier Gravdal, som ikkje vil ut med namn offentleg før alt er på plass.

Open søndagsbutikk

Sist søndag blei det invitert til søndagsopen butikk med informasjon om andelar og servert kaffi, pepperkaker og julebrus.

– Ideen kom då eg var på aksjonsdagen til skulen torsdagen. Ikkje alle er komfortable med å stilla spørsmål i eit stort møte, og tanken bak var at då kunne folk stikka innom og få informasjon om både andelar, planar, sjå butikken og spørja om det dei ville, fortel Gravdal.

Som sagt så gjort, og han fekk med seg primus motor Jostein Mokleiv, som også sit i styret til Forretningsbygg Stølen som eig butikklokalet. Invitasjon blei sendt ut fredagen, og søndagen blei ein stor opptur.

– Folk strøymde på, og me fekk det så travelt at me ikkje hadde tid til å telja, men det var mange fleire enn me venta. Nokre hadde med seg ferdig utfylte andelsbrev, ein heil del teikna andelar under besøket, og andre igjen tok med seg papira heim få å sjå på dei, fortel Gravdal.

Han har vore optimist heile vegen og har hatt tru på bygdefolket skal få på plass ny butikk. Etter sist søndag har også langt fleire fått trua på at dette går an.

Oppmodar hyttefolket til å koma

– Me køyrer på med ein ny open butikk kommande søndag ettermiddag. Då håper me at ikke berre fastbuande, men også ein heil del av dei om lag 80 hytteeigarane tar turen, seier han.

Meir informasjon om kommande open søndagsbutikk finn du på facebooksida Auklandshamn landhandel.

Til arrangementet sist søndag blei det rigga ein kaffikrok, og det var det ein del som var innom som mimra om.

– Dei fortalde kor kjekt det var å møtast i kaffikroken i tidlegare tider, og det skal me ha også i den nye butikken. Ein av dei som var innom søndag har ein heil del veker avspasering framover og berre klør etter å gå i gong med å pussa opp kafelokalet. Han sa han kjem til å ha folk med seg også, dei berre veit det ikkje enno, ler Gravdal.

Powered by Labrador CMS