nyhende

Vidar Vikse har planar for den kunstnarlege framtida si. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Vidar Vikse har planar for den kunstnarlege framtida si.

Satsar på ei kunstnarleg framtid

Sidan Vidar Vikse var liten gut har han elska å teikna og vera kreativ, men livet som lærar på Sveio skule og gitarist i lokalbandet Lystgass har vore travelt. No har han bestemt seg for å via meir av tida si til kunsten.

Publisert Sist oppdatert

— Eg har alltid vore glad i å teikna. Som liten var eg veldig sjenert og usikker på meg sjølv. Eg hadde vanskeleg for å uttrykkja meg, men klarte det på eit vis gjennom musikk og teikning, seier Vikse, som opphavleg kjem frå Bryne.

Ynsket om å satsa meir på den kreativ-estetiske retninga har allereie fått handfaste og synlege følgjer: I garasjen heime på Krossleite har Vikse nyleg installert sitt eige minigalleri.

Galleriet er ein del av kunstsatsinga hans, men han òg lansert sitt eige føretak i form av den nettbutikken vikseart.com.

Det er mykje arbeid knytt til å laga nettbutikk, men han kjenner at det er verdt strevet.

— Eg er nøgd med å allereie ha selt ein god del bilete og fått inn fleire bestillingar. Målet med nettsida er å lettare kunna nå ut til fleire, og at kunsten min vert meir tilgjengeleg, seier Vikse.

Frå minigalleriet til Vidar Vikse heime på Krossleite.

Få fram eit smil

Bileta hans, såkalla teikneseriekunst, er teikna på iPad. Ved å teikna digitalt kan han ta i bruk mange stilige effektar. Bileta er fargerike og har stort sett menneske i alle former og fasongar som hovudmotiv. Nokre av bileta inneheld gjerne eit par setningar, eller berre ei snakkeboble.

Vikse ynskjer å gjera kunsten mest mogleg humoristisk og appellerande.

— Eg ynskjer å få fram eit smil i folk, og likar å leika meg med tekst, ordspel og fargar.

Eit av bileta Vikse er mest nøgd med, er dette store av mannen i båten. Når ein går gjennom kjærleikssorg, får ein gjerne høyra at «det finst fleire fiskar i havet», men slik kjennest det kanskje ikkje når sorga står på. — Kor er desse fiskane? Havet er stort, seier Vikse.

I tillegg har han sett seg som mål at ein skal kunna kjenna seg att i illustrasjonane. Eit døme på dette er biletet av dei mange identiske andleta, der berre eitt av dei skil seg ut.

— Det er eit bilete mange kan kjenna seg att i. Det å vera seg sjølv, og ikkje lik alle andre, seier Vikse.

Vikse er godt nøgd med biletet av dei 16 andleta, der 15 er identiske og eitt annleis. Det er lett for folk flest å kjenna seg att i motivet. — Ver deg sjølv, og ikkje som alle andre, seier Vikse.

Frå eige liv

Mange av motiva han teiknar er dessutan inspirerte av hans eige liv, som til dømes biletet av bamsen, eller biletet av guten på rulleskøyter.

— Eg var glad i bamsar, stod på rulleskøyter og var ein mammadalt, seier han idet han vender blikket mot den eine veggen i galleriet.

— Men eg har òg late meg inspirera av ting eg synest er viktige, som til dømes biletet av sjiraffen og teksten «høy på deg selv». Eg trur ein fort kan gå på ein smell dersom ein vert i overkant høg på seg sjølv.

«Mamma har kledd meg» er kanskje ein praksis fleire kjenner att frå barndomen.

Personleg uttrykk

Vikse veit at kunsten hans ikkje vill treffa alle, og at han difor ikkje kan gå rundt og vera var for kritikk.

— Før tok eg det personleg dersom folk ikkje likte kunsten eller musikken min, men no veit eg at eg ikkje kan treffa alle med alt. Eg ynskjer heller å gjera dette til mi eiga greie og treffa eit fåtal sterkt enn eit fleirtal svakt, forklarer han.

Vidar Vikse i det splitter nye minigalleriet sitt.

Redsla for å ikkje møta alle sine preferansar har gjort seg gjeldande opp gjennom åra han har drive med musikk, fortel han.

— Eg var for oppteken av å laga noko alle likar i staden for å laga det eg sjølv syntest var fint.

Men denne tankegangen har han klart å snu, for både musikk og kunst er like subjektive som politikk.

— Det er lett for å låsa seg og samanlikna seg med andre som lukkast, men så er jo dette mitt utrykk, og ingen kan mitt utrykk så bra som eg sjølv, seier han og understrekar at det viktigaste er å sjølv finna meining og glede i lidenskapane sine, uavhengig av kva andre måtte meina og tenkja.

— Målet mitt med kunsten, og musikken, er å kunna bruka dei kreative evnene mine til å gleda og inspirera andre. Eg har lært kor viktig det er å bruka mest mogleg tid på det som har høgast verdi for ein sjølv, og for meg er det å vera kreativ gjennom kunst og musikk, seier Vikse.

Powered by Labrador CMS