nyhende

Monica Vandaskog Valen (Sp).ARKIVFOTO: PRIVAT
Monica Vandaskog Valen (Sp).

Satsar på bulyst og næring

Senterpartiet vil sikra fleire innbyggarar gjennom å skapa fleire arbeidsplassar. — Det heng saman, seier ordførarkandidat Monica Vandaskog Valen (Sp).

Publisert Sist oppdatert

Senterpartiet si fem øvste

  1. Monica Vandaskog Valen
  2. Arne Valen
  3. Vidar Høyland
  4. Susanne Dale Førde
  5. Bente Hegna Gravelsæter

— Det er ei stor oppgåve, og ei ære, seier Monica Vandaskog Valen (Sp) om å stå øvst på Senterpartiet si liste.

Saman med 19 andre frå kommunen er ho klar til hausten sin valkamp, og meiner dei stiller sterkt.

God variasjon

— Dei som har jobba med lista har gjort ein god jobb. Den er blanda både alder og kjønn. Frå forrige periode er det meg og Arne Valen som står att, seier ho.

Med sine totalt 20 kandidatar har dei folk frå alle bygdene, med tyngda i Førde og nordover.

— Me er representert i heile kommunen, seier Valen.

Ho fortel at deira program ikkje er ferdig, men at fokus i valkampen vert å forbetra næringslivet i Sveio, og dermed bulysta.

— Viss me får betre næringspolitikk i kommunen vil det skapa meir arbeidsplassar, og dermed meir bulyst. Det heng saman. Det handlar om å legga til rette at ein kan ha skulane og barnehagar der dei er i dag, og gode kommunale tenester, seier Valen.

Skule, næring og helse

— Kva meiner dykk om skulestrukturen?

— Me ynskjer å ha skulestrukturen slik som den er, at det ikkje vert nokre endringar der, svarar ho.

Valen trur tema som bygdeutvikling, næring, skulestruktur og helse vil verta viktige tema i valkampen.

— Korleis vil dykk betra næringspolitikken?

— Me ynskjer tettare dialog med næringsforum der me kan sjå på mogeleg løysingar. Då kan me lytta til dei som har peiling, seier Valen.

— Går dykk for å vinna ordførarsetet?

— Me har ordførarkandidat, så då får me sjå kva veljarane vil, seier ho.

Powered by Labrador CMS