NPK-NTB-Ritzau: SAS har innstilt rundt 60 flyavgangar tysdag og onsdag og prøver å flytte om på passasjerar. Høgt sjukefråvær knytt til covid-19 er årsaka.
Avgangar til og frå byar som Oslo, København, Stockholm, London og New York er blant dei som er ramma, kjem det fram på nettsida til flyselskapet.
DR melder at årsaka er høgt sjukefråvær blant personalet på grunn av koronasmitte og etterfølgjande isolasjon og karantene. Rundt 20 avgangar frå Noreg, Danmark og Sverige var innstilte tysdag, medan 40 er innstilte onsdag.
Det ser òg ut til at fleire avgangar vil bli kansellerte torsdag.
Pressesjef John Eckhoff i SAS beklagar at dette truleg betyr at enkelte kan få problem med å komme seg heim til jul.
– Det er svært uheldig, og det beklagar vi verkeleg. Men vi er som resten av samfunnet, ramma av korona, seier han til SVT.
Folk som har bestilt plass på avlyste avgangar, blir kontakta på e-post eller SMS, ifølgje Eckhoff.
– I første omgang prøver vi å finne eit alternativ og booke om reisa, anten hos oss sjølv eller hos eit anna flyselskap. Lykkast ikkje det, refunderer vi kostnadene, forklarer han.
SVT melder at nokre av innstillingane òg kjem av tekniske problem.