nyhende
Rundt ti klager og innspel til reguleringsplanen for Fv. 541 Grimstveit-Krossleite:
Sår tvil om Mikal Møller Hovda sin habilitet
Sveio kommune har fått inn eit tital klager og innspel til reguleringsplanen for Fylkesveg 541 på strekninga Grimstveit-Krossleite. I ein av klagane blir det stilt spørsmål ved habiliteten til Mikal Møller Hovda (H).
Hovda er kommunestyremedlem og leiar i hovudutval teknisk/næring. Grunnen til at det blir stilt spørsmål ved habiliteten hans, er at han i 2015 utarbeidde eit forprosjekt for vegstrekninga gjennom firmaet sitt Kystkonsult AS.
Dette forprosjektet blei samrøystes vedteke i kommunestyret. Og forprosjektet har Norconsult bygt vidare på når dei har utarbeidd den planen som no ligg føre.
Fleire roller
– Hovda har også vore sentral i den politiske handsaminga av planane for ny veg. Då reguleringsplanen blei vedteken av kommunestyret 11. desember i 2023, framsto han nærast som saksordførar for Høgre. Me vil gjerne ha ei vurdering av Mikal Møller Hovda sin habilitet, heiter det i klagen.
Den er underteikna av grunneigarane Åshild Ø. Våge og Egil Aspevik, Sissel Øritsland og Ole A. Våge, Sølvi Olsen og Jarle Lie, Anne Fresvik, Silje Svartveit Osmundsen og Toralf Loe, Jan Olav R. Risvold, Elise de Winter og Jeroen Bode, Egil M. Misje og Janne Thuestad og Svein Magne Krokå.
I den felles klagen har dei også ei rekke andre innvendingar. Manglande medverknad, manglar ved planprosessen og betraktningar om korleis dei som grunneigarar er blitt behandla i planprosessen er andre stikkord for innhaldet i klagen.
– Aldri tenkt eg var inhabil
– Eg har aldri tenkt at eg skulle vera inhabil i denne saka. Når spørsmålet likevel har kome opp, har eg ingenting imot at kommunestyret vurderer habiliteten min, seier Mikal Møller Hovda i ein kommentar til Vestavind.
Han påpeikar vidare at han ikkje var medlem av kommunestyret den gongen forprosjektet blei vedtatt.
– I det seinare arbeidet med denne saka har eg ikkje nokon økonomiske interesser, seier Hovda vidare.
Rådmann Jostein Førre vil ikkje kommentera spørsmålet om Hovda sin habilitet.
Klagar på meir
Fleire av grunneigarane som står bak fellesklagen, har i tillegg også sendt eigne klager, åleine eller saman med andre. Tema for fleire av klagene er kjende frå før, mellom anna frå medieoppslag.
Advokat Roe Lauvås ved Elden Advokatfirma si avdeling i Haugesund har framført klage på vegne av Anne Fresvik. I klagen imøtegår Lauvås mellom anna påstandar om at dei justeringane av vegtraseen som klienten hans ønskjer, vil krevja heilt ny reguleringsplan.
Silje Svartveit Osmundsen og Toralf Loe uttalar seg saman med Jan Holger og Gyda Hamre og Gjertrud Svartveit Osmundsen, og Gunnar Osmundsen uttalar seg mellom anna om problema for gardsdrift når bruka blir delte opp av fleire vegar.
Egil Misje skriv at hovudgrunnen hans for ikkje å gå i noko form for forhandlingar, er at vegtraseen er lagt «omtrent på trappa» til to av naboane hans. Han tar også opp fleire spørsmål som har med omsynet til naturen å gjera.
– Det er gripande å lesa at ordførar og kommunestyremedlemmer er opptekne av å ta vare på natur i samband med E39, for så å stemma for at me skal ha to parallelle fylkesvegar frå Buavåg, med dei følgene det får for våtmarksområde og kystlynghei, skriv han mellom anna.
Uheldig avkøyring
Ei planlagt ny avkøyring lengst sør for Åsevatnet blir tatt opp i ein felles klage frå Frank Lie, Siren Kraakenes, Oddbjørn Wistrøm, Harry Aase og Rune Hollekim. Siren Kraakenes har også sendt eigen klage om same tema.
Klagarane hevdar at avkøyringa er lite gunstig for dei som bur i området. Det vil bli store utfordringar i forhold til bratt stigning, ein 180-graders sving i bratt bakke og rett inn i ny 80-graders sving. Dei tek også opp fleire konsekvensar dette får for for enkelte eigedommar.
Irene Vierdal Berge og Magnar Berge klagar på at ein tidlegare protest frå dei ikkje er tatt til følge. Dette gjeld gangveg frå Gjermundshaugen via Sveiogata 155 til Sveio sentrum.
Til kommunestyret 22. april?
– Alle klager og innspel er sende vidare til tiltakshavar, som i dette tilfellet er Vestland fylkeskommune, fortel rådmann Jostein Førre.
Når fylkeskommunen har gjort sine vurderingar, blir klagane lagt fram for politikarane i Sveio. Rådmannen håper det kan skje i andre møteserie. Det vil seia at saka kjem opp på kommunestyret sitt møte 22. april.
– Det avgjerande for å nå det målet er kor lang tid det tar å gå gjennom klagene, legg Førre til.
– Må koma vidare
Medan det altså kan bli knapt med tid for å nå fram til kommunestyrebehandling i april, er det andre som blir meir og meir utålmodige.
– Reguleringsarbeidet har alt pågått i svært lang tid. No er det difor viktig å få landa reguleringsplanen og ikkje utsetja prosessen ytterlegare. No må dei koma vidare med finansiering, detaljplanlegging og bygging av vegen snarast, skriv Bua bygdelag, Auklandshamn bygdalag og Bømlo Fiskerihamn i ein felles uttale.