nyhende

- Det er svært skuffande at fylkestinget ikkje ser verdiane av å knyta fylket saman med Hordfast, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Linn Therese Erve (Ap), ordførar i Sveio.

Samrøystes ja til smitteavdeling på SOS

Formannskapet i Sveio sa torsdag samrøystes ja til avtalen som er inngått mellom Sveio, Tysvær og Bokn om å oppretta ein felles koronasmitteavdeling på Sveio omsorgssenter.

Publisert Sist oppdatert

Rådmann Jostein Førre gjorde greie for avtalen, og fekk ein del spørsmål frå dei folkevalde før ordførar Linn Therese Erve (Ap) kunne klubba vedtaket gjennom. Fleire var mellom anna opptekne av tryggleiken til dei andre pasientane ved SOS, og behovet for rask og god informasjon til dei pårørande.

Rådmannen kunne fortelja at det er gjort ei vurdering av lokala, blant anna saman med smittevernlege. Den viktigaste utfordringa kan vera personale som vandrar frå avdeling til avdeling.

Vil kartleggja

– Som kjent arbeider ein del helsearbeidarar deltid for eksempel i Sveio og har tilsvarande deltidsjobb ved sjukehus eller sjukeheim i andre kommunar. Dette vil me nå kartleggja, sa rådmannen.

Ordføraren seier i ein kommentar til Vestavind etter møtet at målet, slik ho har forstått det, er å hindra at dei som blir tilsett ved koronasmitteavdelinga skal arbeida med andre pasientgrupper i eller utanom Sveio.

Alle dei tre kommunane skal bidra med personale til den nye avdelinga. Utgiftene til oppbygging, drift og nedbygging av avdelinga skal fordelast etter folketal. Men det er også lagt inn avtalepunkt som regulerer skeivfordeling i forhold til pasientar med svært store pleiebehov. Eller om det skulle visa seg at det kjem uforholdsmessig mange frå eitt område og mindre frå eit anna.

Uviss kostnad

Kostnadene er det sjølvsagt uråd å seia noko om i dag. Ifølge rådmannen skal det ikkje vera akutt behov for investeringar i starten. Avdelinga har 14 rom, og kan om nødvendig romma to pasientar på kvart rom. Om avdelinga for eksempel må halda ope i ni månader, har rådmannen rekna ut at Sveio sin del av kostnadene blir på fire-fem millionar kroner.

– Om avdelinga kjem i drift alt fredag veit me ikkje, men i dei andre kommunane ventar dei på svar på testar som er sende inn. Er desse testane positive kan dei første pasientane koma snart, sa Førre.

Mellom andre bygg som er vurderte før valet fall på SOS, er Sveio bufellesskap sine lokale, Stemnestaden og motellet i Aksdal.

Frå oppvekst til pleie

Både ordføraren og rådmannen roste tilsette i kommunen for ekstrainnsatsen som krevst i samband med koronaepidemien. Tilsette innan oppvekstetaten blir nå for eksempel omdisponerte til pleie og omsorg. Eksempelvis har tilsette ved kulturskulen vore med på flytting og maling i samband med den nye koronasmitteavdelinga.

Rådmannen kunne elles opplysa at elleve tilsette innan pleie og omsorg og åtte innan habilitering for tida er i karantene.

– Det aukar behovet for vikarar og gjer sjølvsagt situasjonen litt meir ustabil, la han til.

Formannskapsmøte på nett

Det ekstraordinære formannskapsmøtet torsdag kveld blei gjennomført som nettmøte. Etter litt påloggingskluss i starten, er ordføraren godt nøgd med gjennomføringa. Nettmøte blir møteforma i tida framover i den grad det blir behov for formannskapsmøte så lenge epidemien varer.

Alle andre politiske møte er innstilte, men rådmannen utfordra politikarane til å drøfta med sine grupper om formannskapet skal be om utvida fullmakter. Dette kan vera nødvendig for å halda hjula i gang. Ingen var direkte imot dette, men vil koma tilbake etter gruppemøter.

Powered by Labrador CMS