nyhende
Samlar Noreg til eitt korpsrike
Når Harald Hårfagre klarte det, så må vel eg klara det også, tenkte Heidi Magnesdatter Åsbø. Altså samla Noreg til eitt rike. Det skjer 17. mai når musikantar over heile landet skal spela «Ja, vi elsker» samstundes.
I desse dagar verserer det mange ulike utfordringar, eller challenge, på sosiale medier. Ein fin måte å gjera noko saman når ein ikkje kan vera saman. Det sette hovudet til Åsebø i sving, og pang så var Facebook-sida «17. mai 2020 online kl. 11.00 Ja vi elsker brass/janitsjar» oppretta. I skrivande stund har den passert 3.500 medlemmer.
– Me kan ikkje ha 17. mai uten at korpsa spelar «Ja, vil elsker»! Her måtte eg berre få til noko som flest mogeleg kan vera med på. No vonar eg at mange vil høyra eller sjå Noregs største felleskorps 17. mai, seier Åsbø.
Norges Musikkorps Forbund (NMF) er blitt så begeistra for ideen at dei mellom anna har laga nye notar til «Ja, vi elsker» slik at både janitsjar og brass kan spela saman.
Bunad og kornett på Ryvarden
– Det er fantastisk at dei er med på laget på denne måte. Ikkje berre har dei laga nye arrangement. Dei har også fått laga solostemmer til alle instrument, så no kan alle spela melodistemma. Det er berre å hiva seg rundt og øva. Alt finn ein på nettsida til NMF, seier Åsbø.
Alle som har lyst, kan vera med. Det du må gjera er først å registrera deg som medlem på Facebook-sida. På sjølve dagen spelar du nasjonalsongen presis klokka 11.00, og sørger for at dette blir strømma direkte eller filma. Ein tilsett i NMF skal redigera saman fellesvideoen.
– Sjølv skal eg og kornetten til Ryvarden. Eg i bunad og kornetten nypussa og fin. Filminga ordnar eg sjølv. Deretter skal eg spela på Sveio omsorgssenter, seier Åsbø.
Sveio-fanfaren
Ho skuldar på ei veslesyster som alltid har sagt at ein skal seia ja til det ein ikkje vil seia ja til. Men dei som kjenner Åsbø vil nok påstå at ho har ganske mykje skuld sjølv i alt ho hiv seg med på. Som då tidlegare ordførar Jorunn Skåden ringte onsdag 4. april for to år sidan og lurte på om Heidi kunne komponera ei Sveio-fanfare til fredagen. Altså på to dagar.
– Ein kan jo ikkje seia nei når ordføraren spør! Så eg døgna med jobb og komponering, og framførte fanfaren fredag 6. april då Buavågkrysset blei opna. Det var utruleg kjekt, og fanfaren har no blitt tradisjon og blir mellom anna spelt før ordføraren sin tale og på omsorgsenteret på 17. mai, fortel Åsbø.
Komponerer i bilen
Når Vestavind møter henne, kjem ho rett frå serviceoppdrag på Tjernagel. Åsbø jobbar som servicetekniker hos Vikse Service, og monterer, driftar og vedlikeheld miljøvenlege Biovac renseanlegg i 16 kommuner.
– Det blir mange timar på vegen. Når eg ser all den flotte naturen, og møter flotte folk, dukkar det opp musikk. Fleire fanfarar har blitt til etter at eg har hatt ein langtur på jobb. Mellom anna til Kopervik kyrkje og Erfjord bru. Valldalen i Røldal kom til fordi svigerfar måtte ha ein fanfare når han heiste flagget på hytta, smiler Åsbø.
Har spelt i 35 år
Ho er innflytta sveibu og kjem opprinneleg frå Visnes på Karmøy. Spela har ho gjort i 35 år. Det starta med blokkfløyte i over eitt år, før gullkornetten blei utlevert av dirigentane Dag Engedal og Karl Børge Ask i Avaldsnes Skolekorps.
Korps har det blitt ein heil del av. Mellom andre Stangaland Brass, Tysvær Brass, Sveio skulekorps, Heimdal Musikkorps, Karmsund Brass og Kopervik Musikkorps.
Ho har også hatt mange oppdrag i gravferder og bryllup sammen med si kornettspelande mamma, Mariann Nilsen. På YouTube ligg ein video der Åsbø spelar i noveranda ordførar Linn Therese Erve sitt bryllup i 2013.
Musikalsk påfyll
Dei siste åra har esskornettisten prioritert jobb og familie framfor korpsspeling, men har halde fram med sin årlege tur til Swansea og IBBSS, International Brass Band Summer School. Det er viktig musikalsk påfyll.
– Der spelar eg med fleire legender frå Black Dyke Band og The Cory Band, og får både privatundervisning og videoundervisning. Det siste er at eg skal skriva ein sopranduett til meg og verdsberømte Steve Stewart. Han er den store helten og fiksa meg den fantastiske Stomvi soprano-kornetten min, fortel Åsbø.
Både dei som bur der og dei tilsette fekk seg ei hyggeleg overrasking då Åsbø tok ei lita øving utanfor Sveio omsorgssenter. Videoen ser du her: