nyhende

Samlar inn klede og sko til nødlidande i Ukraina

I helga er det klart for den årlege innsamlinga til nødlidande i Ukraina. Har du klede og sko du vil gi vekk, er det fire innsamlingsplassar i Sveio. Søndag kan du også bidra med pengar på stor basar i Auklandshamn.

Publisert Sist oppdatert

Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn har i fleire tiår stått bak innsamlinga i samarbeid med stiftinga Open Heart, der den utflytta haugesundaren Halvard Hasseløy er dagleg leiar. Innsamlinga er ein del av ein aksjon som omfattar heile Haugalandet, med samarbeidspartar i Haugesund, Karmøy og Vindafjord.

Sveiobuane har vore flinke til å gi til desse innsamlingane, og laurdag mellom klokka 11.00 og 14.00 kan du levera sekkar med klede, sko og sengetøy.

1.000 sekkar

– Givargleda  er stor, og me har vore oppe i 1.000 sekkar på innsamlingane. Det er utruleg kor fort det blir ein sekk når ein ser gjennom eigne ting og finn ut kva ein ikkje treng. Vinteren i Ukraina kan vera svært kald, og varme klede og sko er etterspurt. Strikkejakkar er til dømes svært kjærkomne for dei som får dei. Men me tar imot alt av sko, klede og sengetøy så lenge dei er reine og i god stand. Givarane må sjølv pakka dei i sekkar, seier Sveinung A. Andersen i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn.

I Sveio er det fire innsamlingsstadar: Bil ved soknehuset i sentrum, Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn, Førde bedehus og bil/tilhengar ved butikken i Valevåg. Alle givarar blir oppfordra til å gi 50 kroner per sekk i fraktstøtte.

Hjelpearbeid sidan 1992

Open Heart har drive hjelpearbeid i Ukraina sidan 1992 og har eit stort nettverk av medarbeidarar over heile det store landet. Sidan krigen starta i Aust-Ukraina i 2014 og seinare utvikla seg til ein fullskala invasjonskrig i 2022, har ein større og større del av hjelpa gått til krigen sine ofre.

Det gjeld dei aller fattigaste som ikkje har ressursar til å flykta, og interne flyktningar som har mista alt dei hadde. Open Heart hjelper med mat, klede og anna nødvendig hjelp i den akutte situasjonen som folk er i.

For å bidra med pengar til hjelpearbeidet, arrangerer Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn også stor basar søndag. Her er det både mogeleg å hjelpa og vinna flotte premiar.

Powered by Labrador CMS