nyhende

Her røyster Sveio kommunestyre samrøysta for at kommunen framleis skal vere ein del av Vestland fylke.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Her røyster Sveio kommunestyre samrøysta for at kommunen framleis skal vere ein del av Vestland fylke.

Samla seg om Vestland

Eit samrøysta kommunestyre gjekk måndag ettermiddag inn for at Sveio framleis skal ha si fylkestilhøyrsle i Vestland.

Publisert Sist oppdatert

Vedtak om fylkestilhøyrsle

Samrøysta vedtatt av Sveio kommunestyre:

1. Kommunestyret syner til resultatet av den rådgjevande folkerøystinga 10. januar 2022 der eit fleirtal har røysta for å bli verande i Vestland fylke, og finn det ikkje aktuelt å gå vidare med sak om byte av fylkestilhøyrsle.

2. Kommunestyret ber rådmannen avklare prosess om forskriftsfesta skuletilbud i Rogaland med Vestland fylke snarast. Dette skal også inkludere oppfølgingstenesta.3

3. Kommunestyret ber rådmannen snarast styrka dialogen med Vestland fylke, med ei hensikt om at våre ibuarar skal ha kun ei takstsone ved kollektivtransport til og frå Haugesund. I arbeidet kan ein gjerne trekke inn andre Sunnhordalandskommuner for å gjere tilbudet breiare.

4.Kommunestyret ber rådmannen snarast styrka dialogen med Vestland fylke, med formål at Vestland fylke skal prioritere opp våre fylkesvegar i sine planar. Dette gjeld særleg FV47 frå Haukås til Sveio sentrum som manglar veglys, og strekninga frå Tveit til Ekrene, som har høg trafikk, og FV541 Tjernagelvegen, då spesielt strekninga Krossleite – Grimstveit.

5. I følge Intensjonsavtalen mellom Hordaland og Sogn og Fjordande skulle det i dag vere eit vegkontor og ei næringsavdeling i søre del av fylket. Sveio ser at konsekvensane av mangel på dette, er med å nedprioritere Sveio og Sunnhordland. Kommunestyret ber derfor rådmannen sammen med Samarbeidsrådet for Sunnhordland, vere med å sette fokus på innhaldet i intensjonsavtalen med mål om å få dette på plass.

6. Kommunestyret skal vere løpande orientert om prosessen opp mot Vestland fylke.

Det var ikkje uventa, då også formannskapet var samrøysta i sitt vedtak i saka under sitt ekstraordinære møte sist onsdag. Dette i kjølvatnet av den rådgjevande folkerøystinga 20. januar, kor 56 prosent røysta på Vestland og 43,5 prosent på Rogaland.

Frp sin gruppeleiar Rune Teikari, som var ein av politikarane som før folkerøystinga gav til kjenne si støtte til Rogaland, tok ordet først i debatten i kommunestyret måndag kveld.

— Då er me kome til vegs ende i saka om fylkestilhøyrsle. Det var eit betydeleg fleirtal for å stå i Vestland. Då er det greitt når signalet er så klart og tydeleg, sa han.

Han la til at han meiner at det har kome noko godt ut av prosessen. Dette fordi fleire viktige Sveio-saker har blitt sett på dagsorden. Mellom anna det å sikre Sveio-ungdom rett til å gå på vidaregåande skule i Haugesund, og korleis ein kan forbetre kollektivtilbodet mellom Sveio og regionsenteret Haugesund.

Glad for samarbeid

Ein annen Rogaland-forkjempar, Asle Halleraker (Ap), trekte fram at kommunestyret har samarbeidd på tvers av dei eksisterande blokkene for å kome fram til eit fellesforslag i saka.

Asle Halleraker heldt kveldens lengste innlegg, kor han snakka varmt om Rogaland, men understreka at han står bak det samrøysta vedtaket som seier at Sveio framleis skal vere ein del av Vestland fylke.

— Vi har i Sveio-politikken blitt skulda for å tvihalde på ein to-blokk-tenking, kor altfor mange saker er blitt vedtatte med 13 røyster mot 12. Det var difor godt å sjå at me i denne saka kunne etablere eit tverrpolitisk samarbeid, sa han.

Han peika på at representantar frå fire ulike parti (Ap, Frp, H og KrF, red. merknad) som i utgangspunktet står litt i frå kvarandre, både ideologisk og i det praktiske samarbeidet, fremja fellesforslag som vart lagt fram, først for formannskapet og måndag også for kommunestyret.

— Dette seier meg at personleg kjemi, posisjonering og maktbruk ikkje skal stå i vegen for eit godt politisk samarbeid om framtidsretta prosjekt kor me vil det beste for Sveio, sa Halleraker.

Han la til at då han starta i Sveio-politikken for seks års sidan, så var tanken på at han skulle stå på talarstolen i kommunestyret og takke Rune Teikari (Frp), Jarle Jacobsen (KrF), Lars Einar Hollund (H) for eit konstruktivt og svært godt samarbeide heller fjern.

— Nå har det skjedd, og eg angrar ikkje. Det gir meg snarare ei tru på framtida for politikken i Sveio, så lenge prosessane og sakene er gode nok. Då kan me få til noko, sa han.

— Ikkje ein god tanke

Han brukte resten av sitt innlegg på å forklare kvifor han ville til Rogaland.

— Eg trur at ein fot i kvar leir kanskje var ein god tanke i går. Men ikkje i framtida, når Rogfast (tunnelen under Boknafjord, red. merknad) kjem, og heile Rogaland blir meir smelta saman. Dette mens Sveio igjen skal sitje utanfor den regionen me har mest me å gjere. Den tanken er ikkje god, sa han.

Han la til at han trur at saka til dei 43,5 prosentane som ville til Rogaland, vil bli snakka av kloke folkevalde, ein klok ordførar og ein klok administrasjon i Sveio.

— Eg er sikker på at ein har tatt inn over seg at folket faktisk har delt seg. Men nå slår me fast at me fortsatt skal vere ein del av Vestland, og det må me alle støtte opp om. Eg vil difor respektere fleirtalet i den rådgjevande folkerøystinga og slutte meg til formannskapet sitt forslag til vedtak i denne saka, understreka han.

Ruth Eriksen forklarte kvifor ho ville bli verande i Vestland fylke.

Varaordførar Ruth Eriksen (FrP) tok på seg å snakke fram Vestland fylke.

— Asle Halleraker snakkar om at me har ein fot i kvar leir. Eg undrar meg då over, om me gjekk over til Rogaland, skulle me då hatt to føter i Rogaland, og ingen i Sunnhordland? Det stemmer jo ikkje det, veit du. Me er ein grensekommune om me vill eller ei. Me kjem alltid til å ha ein fot i kvar leir, sa ho.

Ville evaluere

Arne Valen (Sp) var opptatt av å evaluere av prosessen med folkerøystinga. Han viste til at det er sjeldan at kommunestyret nyttar seg av eit slikt verktøy, og han ønska å få svar på kva tiltak som har gitt effekt.

— Ei evaluering skal gi tilsette og politikarar kunnskap om forsvarleg bruk av økonomiske midlar, sa han.

Men forslaget fekk berre to røyster og fell.

Arne Valen (Sp) ville ha ei evaluering av bruken av folkerøysting i saka. Men forslaget fekk berre to røyster i kommunestyret.

Kommunestyret gjekk altså elles samrøysta inn for formannskapet sitt vedtak (sjå faktaboks) og dermed er det avgjort: Sveio skal også i åra som kjem vere ein del av Vestland fylke.

Powered by Labrador CMS