nyhende
– Eg er veldig glad i krim
Påsken er i gang, og for mange blir dagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påska deira ser ut.
– Feirar du påske?
– Ja, eg feirar påske fordi eg trur på at Jesus stod opp att.
– Kva skal du i påsken?
– Eg skal vera heime. Eg får to hestar heim no, så eg skal vera heime og ta det ganske roleg og fredeleg i påsken.
Annonse
– Har du nokre påskefavorittar?
– Eg er veldig glad i krim, særleg engelsk krim, både i bokform og på skjermen.
– Kva er ditt beste påskeminne?
– Eit av dei beste minna er frå koronatida i Haugesund då nokon kledde seg ut som påskeharar og la ut påskeegg og bamsar i skogen ved Djupadalen. Det var kjempekoseleg.