nyhende
Ekstremvêret «Dave» nærmar seg: – Køyr heim laurdag eller vent til uvêret er over
Det er den klare oppfordringa frå Svein Finden til folk som skal heim frå påskeferie. Vegar, bruer og fjelloverganger kan bli stengt og ferjesamband innstilt på kort varsel på grunn av ekstremvêret som er på veg, åtvarar avdelingsdirektøren i Statens vegvesen.
«Dave» er såpass heftig at det er sendt ut raudt farevarsel for vind for eit stort område frå Agder til Rogaland frå 14.00-tida søndag. Haugesund er førebels nordlegaste punkt for det raude varselet. Sveio ligg inne med oransje varsel, men det kan endra seg.
Vindkasta er venta å koma opp i 40-45 m/s fra sørvest når «Dave» treff. Etter kvart vil vinden dreia til vest og nordvest. Langs kysten kan middelvinden koma helt opp i sterk storm til orkan.
Oransje varsel for Sveio
I Sveio ser det i skrivande stund til at vinden kan bli opp i liten storm, men det kan også her bli vindkast som ligg opp mot orkan. Har du ikkje sikra lause gjenstandar, sjekka fortøyningar, sikra naust eller gjort andre førebuande ting, bør du gjera det laurdagen.
Må du ikkje ut søndagen, bør du halda deg inne. Og i alle fall ikkje vera i den utsette strandsona. Det er også venta høge bølger i tillegg til vinden.
Vinden kan også føra til velta tre og lause gjenstandar i vegen og andre stadar. Det er også fare for straumbrot.
Oppfordrar til å køyra heim før uvêret kjem
Vinden vil auka først i vest og sist i aust. På fjellet vil det i tillegg til vinden koma mykje snø søndag, og på grunn av kraftig snøfokk kan det både bli kolonnekøyring og stengte vegar på kort varsel. På Haukeli er det til dømes meldt 31-37 m/s i kasta mellom klokka 16.00 og 21.00. Vegvesenet varslar at uvêret kan føra til stengte fjellovergangar i Sør-Noreg også måndag 2. påskedag.
– Det vil bli svært krevjande køyreforhold i store deler av Sør-Norge gjennom dagane der mange skal heim igjen fra påskeferie. Eg oppfordrar sterkt til å vurdera og køyra heim før uvêret slår inn søndag, eller å venta til etter at det er over, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
Om du må ut på veien, har Finden følgande råd:
– Berekn god tid og ver forbudd på stengde vegar. Sørg for å ha full tank eller fullt batteri på bilen, og ekstra klede mat og drikke til alle i bilen. Og hugs at dersom vêr- og føreforhold tilseier det, så er det ingen skam å snu – heller ikkje når du ferdast på vegen.
Lad det som ladast kan
Som følge av uvêret har Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) heva beredskapen og bede ekomaktørane ha lav terskel for å melda frå om både små og større hendingar som kan påverka internett- og mobiltilgangen, skriv dei i ei pressemelding fredag kveld.
– Internett og mobilnett i Noreg er generelt robuste, men ved så kraftige vindkast ser me ofte brudd både i straumnettet og i ekom. Når det no er sendt raudt farevarsel, er det risiko for at enkelte mister mobil- og internettsambandet, særleg fordi straumen kan forsvinna i periodar, seier sikkerheitsdirektør i Nkom, Svein Scheie.
Han oppfordrar folk som er i områda som vil oppleva ekstremvêr om å førbu seg.
— Hamnar du i nød, ha mobiltelefonen påslått og sørg for at den har straum. Då kan redningstenestene bruka dette til å lokalisera deg sjøv om det ikkje er dekning der du er. Det er klokt å ha lada opp batteribankene dine, og hugs at du også kan bruka PCen og elbilen din som straumkjelde dersom straumen forsvinn, seier Scheie.
5 beredskapsråd dersom straum og mobilnett står i fare for å gå ned eller er nede:
- Lad opp mobiltelefon, PC og batteribankar
- Dersom familien, naboen eller dei du har rundt deg har abonnement hos ulike operatørar, så kan det henda at deira mobildekning fungerer, sjølv om din ikkje gjer det. Hugs at du kan ringa nødnummeret sjølv om du manglar manglar mobildekning frå ditt mobilselskap. Dette forutset likevel at det er mobildekning frå minst eit anna mobilselskap der du er.
- Ha en batteridrevet DAB‑radio tilgjengelig for å få viktig informasjon.
- Bruk wifi‑anrop om mobilnettet er nede, men fibernettet fortsatt fungerer.
- Vurder å oppsøka område med forsterka ekom dersom du mister dekningen der du bur. I ein del kommunar er det etablert basestasjonar med inntil tre døgn reservestraum, for eksempel nær kommunehus eller kommunesenter.
Kjelde: Nkom