nyhende

Birk Ekroll såg seg tidleg ut ein favorittgevinst. Her saman med Marie Grimstvedt Persson.

Tjernagel bedehus var så fullt som det kunne bli – både oppe på galleriet, nede i salen, i gangen og på kjøkkenet. Nokre stod til og med ute i tunet, medan påskesola varma. Sjå bildeserie på slutten av saka.

Publisert Sist oppdatert

Påskebasaren er ein tradisjon av dimensjonar, over 100 år gamal. Det heile starta i 1920.

– Mormor mi var med og stifta den, fortel Helga Reinertsen. Dei første åra vart basaren halden heime på garden til bestefaren hennar. I 1931 vart bedehuset bygd, og sidan då har skjærtorsdagsbasaren hatt fast tilhald der.

Tradisjonelle smørbrød og gode minne

På kjøkkenet har arbeidet gått etter tradisjonane. Smørbrød er smurde, og lukta av gelé møter ein allereie i gangen. Klassikaren er loff med smør og raud gelé, i tillegg til skiver med egg og sild.

– Me har smurt rett over 300 skiver, fortel gjengen som har brukt føremiddagen på kjøkkenet.

Denne gjengen hadde smurt over 300 skiver frå kl. 11.00 på føremiddagen. Frå venstre: Ruth Knutsen, Helga Reinertsen, Hanne Ingebrigtsen og Olava Larsen.

Ruth Knutsen, Ingebjørg Haga, Hanne Ingebrigtsen, Helga Reinertsen og Anna Vikse mimrar om basarlivet.

– Kva er det beste basarminnet de har?

– Som barn sprang me ute i bakkane her. Det var ut og inn heile tida – og ikkje minst spennande å treffa nye gutar, ler dei.

– Det var nok litt påskeflørt, særleg når det kom nye folk frå nabobygdene, 

– Og masse sjau og herjing på galleriet, legg dei til.

Dei meiner det kanskje var fleire ungdommar før som gjekk på basar, men at mange no kjem heim att fordi basaren har blitt ein viktig tradisjon.

Hanne fortel at dottera hennar, med mann og barn, kjem med båt frå Fitjar kvart år for å vera med.

Samlar familie på basar

Even Utne, som opprinneleg kjem frå garden på sida av bedehuset, var på basaren saman med mange frå familien – både mor og mormor. Mormora, Magnhild Utne, har tidlegare vore med og arrangert basaren, men er no gjest.

Even Utne har vore på dei fleste påskebasarane. Her saman med mormor Magnhild Utne og Kristina Enerstvedt.

– Eg vart faktisk fødd på ein skjærtorsdag. Og bortsett frå det, er eg alltid her. Eg hadde nok blitt etterlyst av mormor om eg ikkje møtte opp, seier Even, og smiler lurt til mormor som kan stadfesta det han seier. 

For Even er høgdepunktet skivene med gelé. Magnhild minnast basarane frå si eigen barndom, då dei sprang ute mellom andakt og mat.

Inntekt til vedlikehald og misjon

Basaren hadde eit rikt gevinstbord og loddsalget gjekk unna. Inntektene blir fordelte slik at to delar går til bedehuset og éin del til misjonsarbeid.

– Me treng å skifte nokre av vindauga på bedehuset. Det er viktig for oss å ta vare på bygget, men det krev vedlikehald, fortel leiar i bedehuset, Hanne Ingebrigtsen.

Loddtrekking som siste del av basaren. Hanne Ingebrigtsen og Svein Enerstvedt har kontroll på vinnarane, medan Ingebjørg Haga held opp gevinstane.

Ho legg til at bedehuset framleis ikkje har innlagt vatn, og at utedo framleis er i bruk.

Bedehuset har elles jamleg aktivitet. Den første onsdagen i månaden er det dametreff, med åtte til ti deltakarar. To gonger i året blir det arrangert «mannatreff», og den første torsdagen kvar månad er det kveldsandakt. Før jul er det grautfest.

– Då er det heilt fullt her, fortel Hanne. 

Under finn du fleire bilde frå den trivelege ettermiddagen på Tjernagel:

Powered by Labrador CMS