nyhende
Full støtte til nyskapande aktivitetsanlegg:
Samla ja til 9-ar-bane og «fotballhall»
Kommunestyret i Sveio samla seg måndag om eit vedtak som mellom anna inneber utbygging av sentralidrettsanlegget med ein 9-ar fotballbane, påbygg av Vigdartun med idrettshall, symjebasseng og trafikksikringstiltak.
Det heiter vidare at forslag til overordna plan skal visa alternative skisser for arealdisponering der området mellom Vigdartun og kunstgrasbanen er planert, samt skisser der haugen er bevart, heilt eller delvis.
Det samrøystes vedtaket blei gjort då kommunestyret behandla prosjektplan for nyskapande aktivitetsanlegg. Prosjektplanen blei godkjent som grunnlag for å modna fram nyskapande aktivitetsanlegg scenario to fram mot sommaren 2024.
– Retninga det viktigaste
– Det viktigaste er ikkje datoen, men at me samlast om å gå i ei bestemt retning, sa John Kristian Økland (H) i debatten. Han peika også på behovet for å dela utbygginga opp i modular. Dette er også med i vedtaket.
I vedtaket heiter det også at kommunestyret ønskjer framdrift i arbeidet med «fotballhall» basert på fleire føresetnader, blant anna vurderingar av plassering av 9-ar-bane for å ta omsyn til alt ein ønskjer å ha med på eit avgrensa område. I denne samanhengen kjem også kostnadsoverslag inn i bildet.
Rådmannen blir i vedtaket beden om å prosjektera ei løysing for trafikksikringstiltak for området rundt Sveio skule og sentralidrettsanlegget og koma tilbake til kommunestyret i andre møteserie i år. Det vil med andre ord seia kommunestyremøtet i april.
Samla seg i formannskapet
Grunnlaget for det samrøystes vedtaket blei lagt i formannskapet, som hadde ekstraordinært møte rett før kommunestyremøtet. Etter litt samsnakking i pausen blei det gjort ei lita justering som blei presentert av Linn Therese Erve (Ap).
Både Erve, Rune Teikari (Frp), Asle Halleraker (TvF) og Monica Vandaskog Valen (Sp) var alle fulle av begeistring for fellesforslaget som no var framforhandla. Valen la også særleg vekt på den nyskapande delen av aktivitetsanlegget der det vil bli plass til meir eller mindre uorganiserte aktivitetar, og der det kan bli eit tilbod til dei som ikkje er opptekne av konkurranseidrett.