nyhende

Denne fine gjengen var klar for årets tv-aksjonen i Bua-krinsen søndag. Frå venstre: Astrid Hovda, Ingebjørg Haga Enerstvedt, Inger Skogland og Torhild Matre.
Denne fine gjengen var klar for årets tv-aksjonen i Bua-krinsen søndag. Frå venstre: Astrid Hovda, Ingebjørg Haga Enerstvedt, Inger Skogland og Torhild Matre.

Samla inn meir pengar enn i fjor

Det er ny innsamlingsrekord for tv-aksjonen på landsbasis, og Sveio har per tysdag samla inn 313.735 kroner.

Publisert Sist oppdatert

Då tv-aksjonen til inntekt for Redd Barna gjekk av lufta søndag kveld, var det samla inn 273,7 millionar kroner. Det er ny rekord. Ein kan framleis gi pengar fram til 1. desember, så den endeleg summen kan bli høgare.

Sveio hadde passert fjorårets beløp med 3.733 kroner måndag føremiddag. Totalt er det samla inn 313.735 kroner, men det kan altså bli meir. Omrekna til bidrag per innbyggar blir det 54,73 kroner. Noko som er 4,77 kroner over landsgjennomsnittet på 49,96 kroner.

Etter justeringar fram til tysdag, gir det ein 171. plass av 356 kommunar pluss Svalbard. Det er eit godt hopp opp frå fjoråret då Sveio enda på 202. plass. I Vestland fylke gir det 33. plass av 47 kommunar. I fjor enda Sveio på 36. plass i fylket. I fjor gav sveibuane 53,68 kroner per innbyggar.

Powered by Labrador CMS