nyhende
Samla åtte prikkar – fråtatt førarkortet
Ein sveibu i 20-åra vart i desember i fjor målt til ei gjennomsnittsfart på 99 kilometer i timen i ei 80-sone på E39 i Sveio. For dette fekk han seks prikkar. Desse kom i tillegg til seks prikkar han hadde for liknande misferder i trafikken frå før.
8 prikkar = 6 månadar uten lappen
Trafikklova seier at om ein har åtte prikkar eller meir, så gir det tap av førarretten i seks månadar. Førarkortet til mannen vart difor kverrsett, i tillegg til at han vart presentert for ei fartsbot på 6.000 kroner. Mannen vedtok ikkje førelegget. Dermed enda saka i retten. Haugaland og Sunnhordland stadfesta gebyret, og fann under hovudforhandlinga ikkje grunnlag for å gå ned på kversettingstida, slik dei i spesielle høve har mogelegheit til.
2.000 i sakskostnadar
Saka gjekk for retten i juni, og sidan tida for kverrsettingsperioden er over, kan mannen følgeleg ha fått tilbake førarkortet no.
Mannen vart også betale 2.000 kroner i sakskostnadar til staten.
Red merknad: Dommen fall i juni i år, men Vestavind har ikkje fått innsyn i avgjerda før no.